TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vestland Venstre programfestar skogreising

Vestland Venstre programfestar skogreising

Vestland Venstre held årsmøte forrige helg. Etter framlegg frå Erling Birkeland frå Bergen Venstre vedtok årsmøtet å programfeste eit punkt om skogreising og meir bruk av trevirke

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 10.02.2019

Innfelt i bildet Judith Kapstad frå Sunnfjord Venstre og forslagsstillar Erling Birkeland frå Bergen Venstre Bakgrunnsbiletet syner produksjonskog av sitkagran i Fana, Bergen.
Foto: Privat

Programfesta
Etter framlegg frå Erling Birkeland slutta årsmøtet 2019 i Vestland Venstre seg til følgjande programfesta ytring; - «Skogreisingen og mer bruk av trevirke er en viktig resurs for verdiskapning i distriktene. Samtidig er det et effektivt klimatiltak for mer Co2 binding».

Skog og helse
Erling Birkeland er frå Fana i Bergen har vore medlem av Bergen Venstre i mange år. Har har solid bakgrunn frå den grøne bransje. Nyleg opna han sitt tredje hagesenter på Midttun i Bergen.
Birkeland er også leiar i styret for Bergen Skog- og Træplantningsselskap. Selskapet vart etablert i 1868 og har tilrettelagt turstiar og skogplantingar for Bergens befolkning i 150 år. Med kring to millionar besøkande kvart år, er det vel knapt nokon styreleiar i Norge som har betre kjennskap til kva folk flest meiner om skog, natur og miljø. Ja nokon seier at Bergen Skog- og Træplantningsselskap» har hatt større betydning for helsa til byens borgarar enn noko anna.

Sitkagran og distrikta
Nemnast må også at Birkeland er ein forkjempar for sitkagran, planta og stelt på dei rette lokalisasjonar . Han snakkar seg jamt varm når han argumenterar mot eit eventuelt forbod for dette unike treslaget. Det gjorde han også under årsmøtet til Vestland Venstre. Birkeland er nøgd med at han fekk programfesta i Venstre sitt program at skogreising og meir bruk av trevirke er svært viktige tiltak for verdiskaping i distrikta.

Også Sunnfjord Venstre
Judith Kapstad frå Jølster stilte som representant for Sunnfjord Venstre på årsmøtet. Ho seier til Kystskogbruket at innspelet om skogreising og trevirke vart positivt motteke av årsmøtet. For Vestland Venstre er skogbruk og skognæring viktig understrekar Kapstad.