TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Vyrdnad og takk for tillit og framtidstru

Vyrdnad og takk for tillit og framtidstru

I 1951 etablerte Borregård eit fond for skogreising i Sogn og Fjordane. Fondet gav store og gode resultat. "Vyrdnad og takk for tillit og framtidstru" sa Olai Tefre til dagens leiing i Borregård som i går møtte skogbruket i Sogn og Fjordane.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 20.03.2015

Øverst; F.v. Øyvind Rognstad og Gisle Løhre Johansen frå Borregård, vidare Hans Fr. Lauvstad og Per Kjelstad. Framme Olai Tefre.
Nederst; Salen fyllest på Førde Hotell då Borregård Skogreisingsfond var tema 19. mars.
Alle foto: Helge Kårstad

Det måtte fraktast inn ekstra stolar då representantar for leiinga i Borregård igår møtte skogbruket i Sogn og Fjordane. Ein fullsett sal fekk høyre Olai Tefre frå Førde fortelje om pionerane i skogbruket i fylket, om generaldirektør Arne Meidell i Borregård og fylkesskogmeister Barthold Vonen som allereie i 1951 fekk etablert eit fond på heile 2 millionar kroner. Ja eit fond med føremål å reise skog i fylket. Målsetjinga var å produsere "kvalitetsskog" til skogindustrien på Borregård i Sarpsborg som etablerte den første cellulosefabrukken allereie i 1891.
2 millionar kroner var svært mykje pengar i 1951. Fondet skulle gjevast som eit rentefritt lån i 40 år og tilbakebetalast med kubb, minimum 75% av lånesummen. Tefre viste til ei stadig veksande interesse for skogplanting i alle bygder og det vart etter kvart etablert 17 grendelag med 367 medlemer. Borregårdsfelta gav gode reusltat
"Resutlatet vart ca 46 000 dekar skog eller "Borregårdsfelt", tilsvarande 1 kubikkmeter virke for kvar krone som er brukt av fondet" la Tefre til og viste til at i desse dagar er dei første hogstane starta. Ja dette var verkeleg pionerar med ei tru på framtida. 
"Vyrdnad og takk for tillit og framtid
stru" sa Tefre til dagens konserndirektør Gisle L.Johansen i Borregård som deltok på møtet.

Ein grynder på 1970-talet
Per Kjelstad frå Gaular er ein skog- og industrigryndar frå 1970 åra, tidlegare ordførar og også tidlegare leiar i Song og Fjordane Skogeigarlag . Han var mannen bak etableringa av Sunnford Sag og fortalde på møtet om det store "skiftet" kring slutten av 60-åra då tønneproduksjonen avtok i bygdene langs kysten. Saman med ein auke i hogsten, skapte dette interesse for etablering av sagbruk. Sunnfjord Sag vart etbalert i 1976 og sikre ei god avsetning av tømmer for skogeigarane i store deler av fylket i heile 35 år. Kjelstad fortalde også om eit godt samarbeid med Borregård og leveransar (biltransport) av flis på 80-talet. "Men det er vel sannsynleg at dette samarbeidet betydde meir for oss enn for Borregård" la Kjelstad til med eit smil.

Borregård var framsynte
Konserndirektør, FOU og forretningsutviklar i Borregård Gisle L Johansen held eit svært interessant foredrag om utviklinga ved Borregård, om dagens produksjon og framtidsutsikter. Spesielt framheva han at Borregård i motsetning til dei fleste treforedlingsbedrifter tidleg såg mulegheiter utover den ordinære cellulosen, dvs. å nyttiggjere ligninet, vannilin og etanol. Og av desse "restprodukta" som mange treforedlingsfabrikkar vanlegvis brann opp, har Borregård vore istand til å levere råstoff for forbruksvarer i konkurranse med oljen. Produkta kjenner vi godt, - dei blir stadig fleire og gjeld etter kvart det meste, - ja alt frå substansar i dyrefor, jordforbedtringsmiddel til tekstilar, maling, vanilje til konstruksjonar og biofuel. Og utgangspunktet har heile tida vore grana og det "langfibra" virket.

Treng ca. 1 million kubikkmeter grantømmer
Innkjøpsjef for virke Øyvind Rognstad kunne fortelje om eit årleg forbruk på ca 1 million kubikkmeter tømmer av gran. Alt virket blir i dag kjørt på bil eller jernbane frå nærområdet. Nedlegging av skogindustri siste åra har skapt ein situasjon med stor tilgang på skogsvirke og dette er sjølvsagt ein føremon for Borregård. Teknisk sett er det ingen problem å kjøpe tømmer sjøvegen, - eks. frå Vestlandet. Pr. i dag er det likevel ikkje aktuelt.
Rognstad avslutta med å utfordre skogeigarane i Norge til å bli meir aktive, ein utfordring dei fleste såg ut til å like !

Stor takk til arrangøren
Til slutt vil vi gjerne skrive at dette var eit særdeles godt planlagt og gjennomført arrangement.
Det var vel også rett tid å setje eit fokus på Borregård skogreisingsfond. For det er neppe tvill om at vi alle har svært mykje å lære av denne satsinga. Kanskje spesielt i dag når vi igjen skal "bygge landet", etter ei med tid der mykje har blitt lagt ned
Stor takk til tidlegare fylkesskogsjef Hans Fr. Lauvstad som hadde regien, saman med Svein Saure i Sogn og Fjordane Skogselskap og Sogn og Fjordane Skognæringsforum.