TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Bindalsfæringen med tusenårig kompetanse

Bindalsfæringen med tusenårig kompetanse

"I Bindalen var det store skogar og flinke færingsbyggjarar" seier soga. Ja sjølv Snorre Sturlason brukte Bindalsfæring når han drog til Island i 1238. Brødrene Jann og Erling Alsli i Terråk held denne unike båtbyggjar tradisjonen ved like den dag i dag.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.05.2015

 
 

Øverst: Båtbyggjarane Jann og Erling Alsli framfor ein Bindalsfæring klar for sal.
Midten: Jann Alsli hentar meg dei siste metrane fram til garden og produksjonslokala i bakgrunnen.
Nederst: Bindalsfjorden austover mot Terråk. Det var naturleg at nettopp båtar vart viktigaste framkomstmiddel i desse grendene tidlegare. Det var også sjøen som vart mest brukt for transport av tømmer til sagbruk, - m.a. til Bindalsbruket på Terråk.
Alle foto: Helge Kårstad 

 

Vi søkjer alle etter kompetanse i Norge. I Terråk i Bindalen sør i Nordland møter vi to karar som kvar dag vidarefører ein 1000 år gammal kompetanse om trebruk. Vi snakkar nemleg om Bindalsbåten som har røter heilt tilbake til vikingtida. Har du ikkje vore der før, bør du ta ein tur til bedrifta Jann & Erling Alsli ANS i Terråk.

Raske båtar av grana har vore hovudtreslaget
Som seg hør og bør må du ro over eit sund for å kome siste metrane fram til produksjonslokala til Jann og Erling, ca 1 mil før du kjem til Terråk i Bindal. "Ja her har vore laga mange hundre Bindalsbåtar sidan oldefar vår starta opp her i 1867" sier Jann. "Det vanlege var å bruke gran, furua i Bindalen hadde for mykje svartkvist og grana var både passeleg tettokst og storvakse i desse områda" legg Erling til.
Eg får samtidig ei innføring i treteknologi og kunnskap om passeleg spenn i veden og ikkje for tette årringar.
Samtidig understrekar dei begge at Bindalsbåtane var raske både til å ro og segle, - parallele bordgangar midskips er noko av hemmelegheita. Under svært gode tilhøve skal Bindalsfæringen ha oppnådd ein fart på 25 knop på slør (vind på tver av båten) og då planar båten.

Dei farga linjene langs ripa pregar båten
I 1994 vart det bygd nytt produksjonslokale på Alsli og det vart lettare å byggje større båtar. Den vanlegaste båtstorleiken har vore færingen som er kring 5 meter lang (ca. 16 fot) og 1,3 meter brei. Den største Bindalsbåten er ein fembøring som måler ca 15 meter." Men du veit to båtar er aldri like, dette er handarbeid" legg Jann til med eit smil. Utover 1980-talet var det svært stor etterspørsel etter Bindalsbåtar, - i dag er marknaden noko rolegare.
"Dette er også ein Nordlandsbåt" understrekar begge. Ja i Rana og nord for Saltfjellet lage dei Nordlandsbåtar mest av furu, men i Bindalen var gran hovudtreslaget. Nordlandsbåten er også spesiell ved dei farga linjene langs ripa, - ofte i raud, grønt, kvitt og svart. Dette kunne nok variere ein del frå båtbyggjar til båtbyggjar får vi høyre av Jan og Erling.

Norlandsbåtregattaen
Og vil vil kappro eller kappsegle må du ta deg ein tur til Terråk. Kvart år siste helga i juni blir "Nordlandsbåtregattaen" arrangert, - i år nærmare bestemt 26 og 27 juni.
Leiaren i Terråk IL Øystein V. Trøan fortel at 20-30 båtar er venta til konkurransen i år. "Vi er glade for at særleg dei yngste har fått stor interesse for å segle Bindalsfæringen" seier Trøan.

 
Frå Nordlandsbåtregattaen i Terråk. Bindalsfæringen klar til start. I år kan du delta i klassar for roing eller segling helga 26-28 juni. Arrangøren Terråk IL lovar også tur til Alsli for å besøkje båtbyggjarane Jann og Erling.
Foto: Hild Dagslott / Brønnøysunds Avis