Seminaret «Verdien av tre» i Vestland

Detaljer

5. okt 2021

Tid: Kl. 09-15, tysdag 5. oktober 2021
Stad: Gimmeland Gaard, Bontveitvegen 298, 5229 Bergen

Skognæringsforum Vestland inviterer til fagseminar om Verdien av tre i Vestland. Skognæringa har fått ein stor oppsving den siste tida, og på Vestlandet vart store areal planta med gran for 50-70 år sidan. Vi ynskjer å fokusere på denne verdifulle ressursen som vi har på Vestlandet, og som mange kanskje ikkje er klar over at vi har. Det ligg store verdiar i utmarka, men det er også store utfordringar for å utnytte dei.

På seminaret skal vi sjå nærmare på ressursane i utmarka (med synfaring), utfordringar & mogelegheiter med logistikk, kvalitetsvirke frå skogen og foredling av råstoffet lokalt.

Program:
09.00: Velkomen ved møteleiar frå Vestland Skognæringsforum, Ruben R. Bøtun
09.15: Introduksjon av dagleg leiar i Kystskogbruket, Ole Bakke
09.30: Mogelegheiter og utfordringar med skogsbilveg på Vestlandet.
v/ Skogeigar Paul Jone Sævold
10.00: Synfaring på skogsbilveg og skog i nærområde
11.30: Lunsj
12.00: Kvalitetsvirke, kva ser vi etter, og kva kan det nyttast til?
v/ Erlend Helge Gjelsvik frå Jølster Bilelag
12.25: Kvalitetsvirke frå Vestlandet
v/ Bernt-Håvard Øyen frå Stiftelsen Bryggen
12.50: Pause
13.00: Skogsmelasse til kraftfôr – lokalt trevirke skal erstatte importert melasse.
v/ Kjell-Rune Vik frå Fiskå Mølle
13.30: Frå tre til råstoff – lokal foredling i fleire tiår
v/ Ørjan Kalsaas, Moelven Bruk – Granvin
14.00: Pause
14.10: Øvrige spørsmål, diskusjonar og oppsummering

Påmelding innan måndag 27. september.

Gratis seminar, men avbestilling innan 48 t før seminaret kjem ein kostnad på 250kr for å dekke utgifter i samband med matservering.

For påmelding, fyll ut følgjande Skjema

Har du spørsmål kring arrangementet kan du ringje Ruben Bøtun på 9576 1717.