Taubanesamling i Øyer i Gudbrandsdalen 9. og 10. april

Detaljer

9. - 10. apr 2026

Scandic Hafjell Hotell

Norsk Taubanelag inviterar til taubanesamling i Øyer i Gudbrandsdalen 9. og 10. april. Utedagen er lagt til den nye taubana til Skog & Bio AS på Tretten.
Alle interesserte er velkomne!

Eit taubanemiljø i vekst
Taubanemiljøet i Norge har hatt ei sterk og positiv utvikling siste året. Det er investert i 7 nye store taubaner, og fleire mindre eldre baner er pussa opp og teke i bruk. Tal frå NIBIO syner at det står relativt mykje hogstmoden skog i taubaneterreng, både i dei nye og meir tradisjonelle skogområda i landet.
På Tretten i Gudbrandsdalen har Alexander Elvheim og Jan Olav Johnsgård nyleg investert i ei stor taubane. Føretaket deira heiter Skog & Bio AS. Dei har signert avtale med Glommen Mjøsen Skog om å ta ut 12 000 kubbikkmeter i første driftsår (2026).

Under taubanesamlinga i april er andre dagen ein UTEDAG, der deltakarare m.a. vil få sjå denne nye taubana i drift.

Foreløpig program og info om påmelding:   
Tidspunkt:             Torsdag 9. april og fredag 10. april 2026
Stad:                      Scandic Hafjell Hotell, Hundervegen 1. 2636 Øyer.

Program: (detaljert program vil kome seinare)
Torsdag 9. april:
Kl. 15.00.                 Opning m/ diverse program, meir info vil kome seinare.
Kl. 18.00-19.30.       Innlagt Årsmøte 2026 i Norsk Taubanelag. Ope for alle, stemmerett for medlemmer.
Kl. 20.00.                 Middag.
Fredag 10. april:
kl. 10.00 -14.00.      Utedag ved ei taubanedrift til Skog & Bio AS i nærleiken av Øyer. Meir info om program vil kome seinare.

Kostnader:
Må betalast av kvar enkelt til hotellet.
Middag torsdag kveld: kr 645.
Overnatting torsdag til fredag, frukost og baguette (til fredag): kr 1225.

Påmelding:
Til underteikna.
Oppgje om du blir med på middag og om du treng overnatting.
Påmeldingsfrist:
For bindande påmelding er fristen fredag 20. mars.

Mvh
Helge Kårstad
Sekretær Norsk Taubanelag
48020261

Scandic Hafjell Hotell

Hundervegen 1, Øyer, Norge