Temadag: Flaskehalsar for godstransport på offentlege vegar i Rogaland

Detaljer

28. okt 2021

Suldal

Rogaland: Transportøkonomisk institutt har vurdert den samfunnsøkonomiske nytta ved å betre vegstandarden på offentlege vegar for å fremma rasjonell og effektiv transport av tømmer og anna gods. Set av 28. oktober, då legges resultata fram!

Ved låg vegstandard køyrer transportørane med små lass. Foto: TØI/Helge Kårstad

 

På oppdrag frå Kystskogbruket har Transportøkonomisk Institutt (TØI) nyleg utarbeidd ein samfunnsøkonomisk nytteanalyse av å fjerne flaskehalsar for tømmertransport og anna godstransport på kommunale vegar i Vestland og Rogaland. Rapporten tek også med fylkesvegar med flaskehalsar som er kopla til dei aktuelle kommunevegane.

På omkring 60 prosent av kommunevegane i Rogaland er det ikkje tillate å bruke tilhengar i godstransporten i dag.

Statsforvaltaren Rogaland har tidlegare skrive ei sak om rapporten.

Du finn rapporten i sin heilskap her!

 

Temadag i Suldal 28. oktober

Analysen og resultat blir presentert under temadagen torsdag 28. oktober 2021 i Suldal, Sand/Suldalsosen.

Detaljert program og informasjon kjem i september.

Arrangør:
Kystskogbruket i samarbeid med Rogaland skognæringsforum, Statsforvaltaren i Rogaland og Rogaland fylkeskommune

Målgruppe:
Kommunal og fylkeskommune forvaltning, politikarar, næringsaktørar og næringsorganisasjonar med interesser i skogbruk eller transport av gods på veg

 

Påmelding i linken under eller på mail til helge@kystskogbruket.no innan 22. oktober.

Vel møtt!

Suldal

Suldal, Norge