Årets gladaste

Publisert 14.04.2025

Mikal Råheim (innfelt) har nyleg kome med årets gladaste nyheit til taubanemiljøet i Norge. Norsk Taubanelag har arbeidd mykje med tema dei siste åra. Auke i tømmerpris har hjelp til. Men utan ein ung  entusiast og dyktig fagmann som Mikal hadde det ikkje late seg gjere.
Mikal Råheim (innfelt) har nyleg kome med årets gladaste nyheit til taubanemiljøet i Norge. Norsk Taubanelag har arbeidd mykje med tema dei siste åra. Auke i tømmerpris har hjelp til. Men utan ein ung entusiast og dyktig fagmann som Mikal hadde det ikkje late seg gjere.

Mikal Råheim i Valdres Skog AS har nyleg signert avtale om kjøp av ei  flunkande ny taubane for å ta ut skog frå bratt terreng på Austlandet. For skogeigarane austanfjells og for taubanemiljøet i Norge er dette årets gladaste melding seier leier i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik.
Tekst: Helge Kårstad

Det 5. te driftslaget
Mikal Råheim er andre generasjon i familieforetaket Valdres Skog, etablert i 1986 og den skogsentreprenøren med lengst erfaring i Valdres. Føretaket har i dag 5 hogstmaskinlag og hogge årleg kring 140 000 m3 tømmer fordelt på kring 250 skogsdrifter.

Mikal fortel at det er mykje bratt terreng i Valdres og omegn. Dei siste åra har etterspørsel etter hogst i det verkeleg bratte terrenget auka noko. Difor har firmaet nyleg gått til innkjøp av ei taubane.
Bana heiter Syncrofalke og er produsert hos Mayr-Melnhof Forsttechnik i Østerrike, visstnok den første i sitt slag heimehøyrande i Norge. Taubana har ei rekkevidde på 700 meter, og denne er montert på belter. Firmaet til Råheim disponera det meste av tilleggsutstyr, m.a. eigen krokbil for flytting av utstyret. Det betyr at taubana kan plasserast ved bilveg, men kan også ta seg fram på ein god traktorveg.
Målet er å trene opp det femte driftslaget i firmaet til å drive i bratt terreng.

Syncrofalke, produsert hos Mayr-Melnhof Forsttechnik i Østerrike vil bli å sjå i Valdres frå hausten. Mikal vil invitere interesserte til ein “open dag” med ein demonstrasjon når maskineriet er igang. Norsk Taubanelag vil gjerne medverke til dette.
Foto: Mayr-Melnhof Forsttechnik.

Oppdrag over heile Austlandet
Taubana vil vere på plass i sommar, og dei første driftene vil føregå tidleg på hausten.
Både maskinførarar og skogsarbeidarar i Valdres Skog er norske. Mikal fortel at storleiken og driftsoppgåvene til firmaet betyr mykje erfaring, men også stor fleksibilitet. – Denne fleksibiliteten vil vi utnytte. Vi er ikkje gode nok på taubane enno, men med tolmod, kunnskap og samarbeid håpar eg at vi er i fullt driv innan ein halvår. Eg vil tru at vi kan operere med taubanedrifter over heile Austlandet, avsluttar ein optimistisk Mikal Råheim.

Ein representant for ungdomen
Vi vil understreke at dette er ein milepele i arbeidet med å styrke taubanemiljøet i Norge. Ja denne ferske meldinga er årets gladaste for oss taubanefolk. Det er ikkje minst spesielt at Mikal representera ungdomen og at han i tillegg vil nytte lokal arbeidskraft. Vi ynskjer lukke til, og vil kome tilbake med ein noko fyldigare reportasje når utstyret er på plass.