Ny taubane til Vestland
Publisert 13.05.2025

I går tikkar det inn ei melding: «Takk for alle gode tips…blei bestilt ny bane frå Østerrike»
Meldinga er frå Steffen Hagenes, Granvin i Vestland. Sekretæren i Norsk Taubanelag kan knapt tru det. Dette er den andre mange-million investeringa i taubaneutstyr i Norge i år.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Etter ein god prat på telefonen seier Steffen seg samd i at dette gode nyhende kan eg få fortelje på denne nettsida. Eg besøkjer følgjeleg Steffen i Granvin i dag. Han og kona Julie driv gardsbruk på Nesheim i Granvin. Eit “fleirbruk” lyt vi kalle det, der skog og sau er sentralt. Det er mykje skog på eigedomen. Som mange stader i Granvin er terrenget bratt og eignar seg for bruk av taubane. Steffen fortel at denne investeringa er noko han hadde tenkt på lenge, og håpar i første omgang å ta både små og litt større jobbar i nærområdet.
Det er ein TST 400 taubane som Steffen har kjøpt. Han har valt ei løysing der taubana er montert på ein traktortilhengar. Steffen har allereie mykje av det andre utstyret som han treng til eit taubanelag. Det gjeld 2 store traktorar, den eine vil hovudsakleg bli brukt for å transportere taubana og den andre til tømmerhengaren som han også har nytta tidlegare. I tillegg til sjølve taubana har han nettopp investert i eit kvisteaggregat som skal monterast på ei 8 tonns gravemaskin som også har vore nytta på garden tidlegare. Både terreng, storleiken på skogteigane og vegløysingar i skog er varierande i Granvin og dei fleste stader på Vestlandet. Steffen meiner difor at val av utstyr vil vere ei god løysing for han framover.
Dersom alt er tilrettelagt vil laget trenge tre personar ved drift, – to personar i terrenget til å hogge, stroppe og drifte løpekatt/bana og ein person på lunneplass til å kviste, sortere, legge opp tømmeret og drifte bana. Steffen har allereie skaffa lokalt mannskap i tillegg til seg sjølv. Han ser føre seg at mannskapet skal kunne skifte mellom ulike oppgåver under taubanedriftene, – dette for å sikre eit godt og effektivt arbeidsmiljø. Løpekatten er av type Carriage (8m/sek). Sjå video her: https://tst-forestry.com/#videos
Vi vil gratulere Steffen og kona med handelen, og kjem tilbake med ein fyldigare reportasje når utstyret kjem i drift ut på hausten.
