Ny taubane til Innlandet
Publisert 01.07.2025

Det er «i bratta det står atte» fortel Alexander Elvheim og Jan Olav Johnsgård på Tretten i Gudbrandsdalen som nyleg har investert i ei flunkande ny taubane.
Tekst: Helge Kårstad
Den tredje nye taubana i år
Interessa for taubanedrift i norsk skogbruk er stigande. Vi har tidlegare dette året skrive om Mikal Råheim i Valdres og Steffen Hagenes i Hardanger som nyleg har investert i tungt taubaneutstyr. Denne veka er det blitt kjent at Alexander Elvheim og Jan Olav Johnsgård frå Gudbrandsdalen har signert kontrakt for kjøp av ei ny taubane. Namnet på føretaket deira er Skog & Bio AS, adresse Tretten, Øyer kommune i Gudbrandsdalen.
Når vi veit at innan dette året var 3-4 store taubaner i heilårsdrift, vil dette bety nærast ei dobling av årskvantumet teke fram med taubane i Norge i 2026 jamført med dei siste åra.

«Det er i bratta det står atte»
Vi møter dei nye taubaneentreprenørane på Tretten heime på garden til Jan Olav. Garden ligg ca. 450 m.o.h. med ei fantastisk utsikt i alle retningar og ikkje minst mot det bratte skogsterrenget oppover dalen langs Lågen. Alexander og Jan Olav fortel at den store interessa for skogbruk er hovudgrunnen til at dei vil satse på taubanedrift. Og det er jo «i bratta det står atte» legg Alexander til, og meiner med det at det er i det bratte terrenget mykje av den gamle, hogstmodne skogen i Gudbrandsdalen no står. Noko kan takast fram ved hjelp av vanleg hjulgåande hogstmaskin ved hjelp av driftsvegar og/ eller vinsj, men mange stader er det no berre ei taubane som funkar fortel dei og peikar på andre sida av dalen. Begge vil gjerne presisere at omsyn til miljø og berekraft i skogbruket også er mykje av grunnen til at dei har tru på noko bruk av taubane i framtida.

Ei beltemontert taubane
Sjølve taubana som Alexander og Jan Olav har bestilt heiter KR40-2 (med Liftliner 4000 løpekatt) og blir levert av Konrad Forsttechnik GmbH i Austerrike. Dette utstyret er mykje det sama som T. Frivik Taubanedrift nyttar. Største skilnaden er at taubana er montert på belter. Det betyr at ein ikkje alltid er avhengig av å stå på bilveg, men bana kan også plasserast og opererast frå eit jorde eller ein traktorveg.
Dei har også investert i ei gravemaskin (Dossan 235) med påmontert kvisteaggregat (Woody WH60-1) som også vil bli nytta til å legge opp tømmeret på velteplass.
Frå før har dei eigen lassberar og anna utstyr for å flytte taubana med utstyr.
På grunn av same type utstyr har dei inngått ein avtale med taubaneentreprenør Torbjørn Frivik om opplæring av mannskap. Dette vil skje etter at utstyret er kome til Norge i slutten av august.
Avtale med Glommen Mjøsen Skog
Jan Olav fortel at dei har inngått avtale med Glommen Mjøsen Skog når det gjeld å skaffe taubaneoppdrag. Dei har budsjettert med uttak av 12000 kubikkmeter tømmer med taubana første heile driftsåret. Då reknar dei med at oppdraga blir i Gudbrandsdalen og Mjøsområdet.
Skogsjef Torgrim Fjellstad i Glommen Mjøsen Skog er glad for at det igjen vil kome ei taubane til Gudbrandsdalen. – Trongen for taubana er etter det vi kjenner til absolutt tilstades, og vi vil gjere kva vi kan for å tilretteleggje for oppdrag i regionen» seier Fjellstad.
