Taubanetoget går no
Publisert 04.08.2025
Skogsentreprenør Sverre Sæterbø frå Fitjar i Vestland har nyleg signert kjøp av ei ny taubane. Dette er den femte nye store taubana i landet dette året, og er ei utvikling langt over det nokon skulle tru.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Arva interesse for skog
Nyleg møtte vi Sverre heime på garden i Fitjar, ein kommune som ligg like sør for Bergen.
– «Eg er vokse opp gå gard, har arva interessa for skogbruk og fekk tidleg mi første motorsag. I 2017 etablerte eg skogsentreprenørfirma Sæterbø Maskin, og har i ettertid drive fram tømmer i mange kommunar i Rogaland og Hordaland» fortel Sverre.
For tida er eit driftslag i sving med 3-4 tilsette, og årleg kvantum ligg stort sett mellom 40 og 50 000 kubikkmeter. Her må vi leggje til at på gardsbruket til Sæterbø er det i dag griseproduksjon, i tidlegare tider var kyr med produksjon av mjølk det sentrale. Men interessa for skog har Sverre arva både frå far og bestefar, som har planta ein god del gran og sitkagran på garden.

Ei beltemontert taubane
Den nye taubana er av same sort som Skog & Bio på Tretten i Gudbrandsdalen også har bestilt (sjå tidlegare reportasje her i år). Det blir altså ei beltemontert taubane frå Konrad Forsttechnik i Østerrike som har namnet KR40-2 (med Liftliner 4000 løpekatt). Sverre meiner at det er mange oppdrag der tilkomsten til skogteigane er traktorvegar eller dårlege eldre gardsvegar og skogsvegar. I mange høve er det ikkje grunnlag for å bygge bilvegar, og difor vil ei beltemontert maskin vere meir fleksibel.
Sverre fortel vidare at dei har investert i ei brukt gravemaskin av merke Doosan 235 med påmontert kvisteaggregat som også blir nytta til å sortere og legge opp tømmer på velteplass.
Frå før har Sverre lassberar, og ikkje minst eigna utstyr for å flytte utstyret (sjå bilete). Det blir ein god del flytting, og for å få flyt i arbeidet i skogen er erfaringa til Sverre at flytteutstyr lyt han sjølv eige og disponere. – «Ja trongen for flytting skjer alltid mot helga, det er også ein grunn til at eg sjølv lyt ta eit tak i helga» legg Sverre til med eit smil.


Oppstart i september
Taubana vil kome til landet i slutten av august, og vil vere i sving i løpet av september månad.
Sverre har allereie avtale med personar som skal gå inn i det nye driftslaget, både lokale og frå andre stader. Primært vil den nye taubana ta oppdrag nord i Rogaland og sør i Hordaland.
På same vis som den nye taubaneentreprenøren på Tretten, har Sverre gjort avtale med taubaneentreprenør Torbjørn Frivik om opplæring. Grunnen er at Frivik nyttar same utstyret.
Avtale med NORTØMMER
Sæterbø Maskin har i dag ein samarbeidsavtale med virkeskjøpar NORTØMMER. Dette samarbeidet vil no bli utvida til også å gjelde hogst i bratt terreng med taubane. I budsjettet ligg det inne eit mål om å få fram minst 10 000 kubikkmeter ved hjelp av den nye taubana det første driftsåret.
Adm. Direktør Per Kveseth i NORTØMMER seier følgjande: – Det er et stort volumpotensiale i det vi kaller «taubaneterreng» og tømmerprisene har kommet opp på et nivå som gir god rotnetto også på slike drifter. Tømmer i «taubaneterreng» kan løses ut på forskjellige måter, men den mest skånsomme driftsmetoden er taubane. NORTØMMER har et godt samarbeid med Sæterbø, og vi setter stor pris på at Sverre investerer i slikt utstyr, som gjør at NORTØMMER også kan tilby denne driftsmetoden til sine leverandører.
Eldsjeler for ei skognæring
Dette er det femte oppslaget på denne nettstaden om nye taubaneentreprenørar i 2025.
Det er ei utvikling ingen hadde spådd, og langt over det nokon skulle tru. I grove trekk veit vi at det totalt sett er investert noko i overkant av 30 millionar kroner. Dette er store taubaner som venteleg vil vere i drift heile året. Det vil minst doble kapasiteten ved bruk av taubane i bratt skogsterreng i landet.
Vi har hatt den gleda å prate med desse nye entreprenørane. Det som imponerar oss er deira store kunnskap om skog og miljø, og ikkje minst over deira optimisme og framtidig tru på skogbruket.
Tusen Takk så langt, – til alle dykk fem vi har besøkt!
.