Entreprenør for to tømmerkaiar
Publisert 15.09.2025
Entreprenør Johs Røgelstad frå Skånevik i Etne kommune har 40 års erfaring med kaibygging. Nyleg har han utbetra Kyrkjeneset tømmerkai, Ullensvang i Vestland og er no i gang med utvidinga av Utbjoa tømmerkai, Vindafjord kommune i Rogaland
Tekst og foto: Helge Kårstad

Det var for grunt ved Kyrkjeneset i Kinsarvik
Båtane som transporterar tømmer har jamt vorte større, og i forlenginga av Kyrkjeneset tømmerkai mot sør har det kort sagt blitt for grunt. Dette har medført at båtane må fendre seg noko ut frå kaien, og i tillegg har ikkje sluttlasting kunne utførast ved denne tømmerkaien. Dette skapar ofte store logistikkvanskar med påfølgjande ekstra kostnader.
Det er Indre Hardanger Skogeigarlag som er eigar av tømmerkaien. Laget med leiar Sjur Ove Svartveit i spissen vart svært glade då Landbruksdirektoratet i 2024 løyvde inntil 2,4 millionar kroner til å utbetre djupne framfor tømmerkaien.
Bjarte Huus Maskin AS med underentreprenør Johs Røgelstad Maskin AS fekk arbeidet ved Kyrkjeneset.
Johs fortel at det har gått rimeleg greitt. Det er utført mudring langs heile tømmerkaien, særleg i sør var det til dels mykje massar som måtte fjernast, også noko fjell. Det er samtidig føreteke plastring med stein og noko påstøyp mot land sør for tømmerkaien. Heile sjøområdet ved tømmerkaien er scanna, og kan dokumentere djupna ved tømmerkaien etter at arbeidet er utført.
Landbruksdirektoratet har sett ein frist til 31.10.2025 for ferdigstilling av anlegget. Bruksavtalen er ferdig tinglyst, og prosjektet i Kinsarvik vil difor vere ferdig innafor den opphavelege fristen som var sett.

Tømmekaien er for kort i Utbjoa
Entreprenør Johs Røgelstad fekk også det utlyste oppdraget ved Utbjoa tømmerkai i Rogaland. Her skal eksisterande tømmerkai forlengast med 35 meter og vil deretter få ei totallengde på 60 meter. Den totale kostnadsramme er ca. 12 millionar kroner. Det er gjeve eit statstilskot inntil 9,4 millionar kroner. Over denne kaien vil det årleg gå inntil 50 000 kubikkmeter tømmer.
Forlengelsen av tømmerkaien vil gjere det mogeleg å auke tømmerkapasiteten på kaifront fra dagens 800 m3 til 2500 m3. Det vil også gje betre stabilitet ved lessing av dagens tømmerbåtar.
Landbruksdirektoratet har sett ein frist til 15.10.26 for bruk av statstilskotet. Røgelstad fortel at i kontrakten er det oppgitt ei byggetid på 5 månader. Arbeidet ved Utbjoa vil difor vere ferdig ved utgangen av dette året, og i god tid innan fristen som er sett av Landbruksdirektoratet.
