Grunn til å vere stolte

Publisert 11.09.2025

Som eit symbol på den store innsatsen for å reise skog på Helgeland, kan vel også denne nye tømmerkaien i Brønnøysund vere. Men det er skogeigarar og kommunalt tilsette skogfunksjonærar som har lagt grunnlaget, ja ikkje minst dei tidlegare skogfunksjonærane Jan Jenssen (t.v) og Steinar Pedersen (t.h).
Som eit symbol på den store innsatsen for å reise skog på Helgeland, kan vel også denne nye tømmerkaien i Brønnøysund vere. Men det er skogeigarar og kommunalt tilsette skogfunksjonærar som har lagt grunnlaget, ja ikkje minst dei tidlegare skogfunksjonærane Jan Jenssen (t.v) og Steinar Pedersen (t.h).

Velfjord og Sømna Skogeierlag vart «Årets Skogeierlag» hos Allskog både i 2015 og 2025.
Skogeigarar og skogfolk på Helgelandskysten har grunn til å vere stolte. Over ein mannsalder er det bygd opp store skogressursar og ein ny tømmerkai i Brønnøysund er snart ferdigstilt.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Store skogressursar
Kommunane Brønnøy, Sømna og Bindal (del av kommunen som er landfast med Brønnøy) fekk i 2018 utarbeidd nye skogbruksplanar med miljøregistrering (MiS).
Skogbruksplanane syner svært store kvanta tømmer i hogstklasse 3, 4 og 5, og det er samtidig registrert høg tilvekst. I desse kommunane er det oppgjeve eit produktivt skogareal på 110 000 daa der det meste ligg i Brønnøy kommune (ca. 70%), fordelt på Brønnøy 77 000 daa, Sømna 17 000 daa, og Bindal landfast med Brønnøy 16 000 daa.

Til saman står det i dag nærare ein million kubikkmeter tømmer i hogstklasse 4 og 5  (990 000m3) i dette området. Det er eit stort tal, og det er ein stor ressurs som vi veit i vesentleg grad er skapt under skogreisinga etter krigen. Det er på dette grunnlaget skissert eit potensielt årleg hogstkvantum av gran og sitkagran mellom 40 og 50 000 kubikkmeter dei neste 25 år. Slik stoda er i dag, vil mesteparten av dette tømmeret bli transportert sjøvegen over den nye tømmerkaien i Brønnøysund, – til skogindustri regionalt, nasjonalt eller internasjonalt. Ei ny tid for skogbruk er under emning på Helgeland. Utfordringa ligg her som mange stader å utvikle denne næringa vidare.

Ein biltur gjennom bygdene på Helgeland syner aktive bønder og imponerande skogreiste areal, her får Håkaune aust for Hommelstø.

Det står alltid nokon bak
Det er nesten utruleg kva grøne verdiar som er skapt i løpet av ein mannsalder i desse områda. Det er mange som har æra for dette. Men vi lyt nemne tidlegare skogreisingsleiar, seinare skogmester og skogbrukssjef  Jan Jenssen som har arbeidd i kommunen sidan 1986 til han vart pensjonert i 2023. Det Jan ikkje veit om skog og skogsdrift på Helgeland er ikkje verdt å vite. Vi må også nemne Steinar Pedersen som arbeidde som skogbrukssjef kring 20 år inntil 2016. I åra etter og fram til i dag legg Steinar ned eit stort arbeid som skogsvegplanleggar i Nord-Norge. Steinar er ei eldsjel av «gamlesorten” som skapar interesse og entusiasme kor han kjem. Steinar viser også til tidlegare landbrukssjef Hans Langfjord som arbeidde i Brønnøy i ein 40 års periode, dei første åra som skogreisingsleiar. – Eg vil kalle han ein «bauta» fordi han alltid og inntil i dag og nyleg passer 90 år, har ei stor interesse for skogsaka, seier Steinar.

Årets skogeigarlag.
Velfjord og Sømna Skogeierlag vart «Årets Skogeierlag» hos Allskog både i 2015 og 2025. Under årsmøtet i Allskog i 2025 vart det utdelt ein diplom med følgjande tekst (sjå og bilete under).

«Laget har under ledelse av Paul Birger Hansen og sekretær Johannes Osmundsen utført uttallige gode skogaktiviteter for sine medlemmer. Laget har på dugnad (samt søkt støtte i næringsliv m.m.) bygd et redskapshus for lagets skogvertøy, noe som har voldt både org.sjef og øk.direktør en god del hodebry, men disse 2 karene og styret ga ikke opp. Redskapshus ble det! Vi er svært imponert over innsatsen i styre og blant medlemmer både når det gjelder redskapshus og aktivitet».

Det er lagt ned eit stort arbeid for eit “Skogbrukets hus”, noko som også Allskog har premiert.
Huset var opprinneleg tenkt som eit reiskapshus, idag er det blitt ein samlingstad sentralt plassert ved skistadion (Klokkaråsen) til Hilstad Idretsslag.
Sental i dette dugnadsarbeidet har vore leiaren i skogeigarlaget Paul Birger Hansen som diverre ikkje kom med på biletet.
Sekretæren Johannes Osmundsen står til venstre i biletet. Han er ei unik eldsjel, og det ville ta ein heil dag å fortelje om alt han har engasjert seg i på dugnadsbasis i bygda. Til høgre Jan Jenssen som tidlegare omtala.
Det er laga plass til eit lite møterom inne i det nye huset. Her har diplomen frå Allskog fått ein sentral plass.
Reiskapsdelen i huset. Her er det orden i sakene!
Vi lyt ta med dette biletet av Johannes Osmundsen Han har også planta ei mengd ulike treslag på den flotte skogeigedomen sin som nyleg er overlete til neste generasjon. Her har han henta eikefrø frå sørlegare breiddegrader, og som vi ser klarar desse eikeplantene seg veldig bra i beskytta område som her i Hommelstø.

Tømmerkaien snart ferdig
Den nye tømmerkaien i Brønnøysund blir ferdigstilt i desse dagar.  Skognæringa vil gjerne takka hamnesjef Sølvi Kristoffersen for arbeidet med å få etablert denne tømmerkaien. Ved sida av skogbruket sine tilsette og skogeigarlaget sine leiarar kan vi vel seie at Sølvi har vore heilt sentral for å få tømmerkaien etablert. Ja utan henne hadde det neppe blitt nokon eigen tømmerkai i Brønnøysund. For samanlikna med andre tømmerkaier langs kysten, har det vore tungt å få den realisert. Tømmerkaien som ein fleirbrukskai vil vere til glede for både skogbruket og andre næringar i regionen i nær sagt all framtid.

Sentrale personer i utbygginga av Brønnøysund tømmerkai som blir feridgstilt i desse dagar.
F.v. venstre Bård Flore frå Stetind Entreprenør, Johannes Osmundsen, Jan Jenssen, Kjell Arne Wika frå Stetind Entreprenør, havnesjef Sølvi Helen Kristoffersen, leiar i havnestyret/ byggekomite Anders Johansen og ytterst byggeleder Johannes Sjøset frå Multiconsult.