Sitkagrana inn i varmen
Publisert 05.09.2025
Horva Nordnorsk Landbruksutstilling 2025 hadde sett opp sitkagrana på programmet med tittelen «Sitkagrana Skogens Gull». På Sentrum Scene Helgeland i Sandnessjøen vart det sagt mykje positivt om resultata av den store sitkahogsten på Helgeland dei siste åra.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Horva Nordnorsk Landbruksutstilling kunne i år feire 20 års jubileum. Nokon har hevda at dette er landsdelen sitt svar på Arendalsveka. Arrangementet føregjekk i gågata i Sandnessjøen med svært mykje folk tilstades. Dei faglege innlegga var lagt til Sentrum Scene Helgeland eller Gammel Kino’n i byen.
Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst held foredraget «Sitkagrana, Skogen gull» og kom m.a. inn på kvifor det vart planta sitkagran i Norge og Europa etter krigen, om eigenskapane til treslaget og ikkje minst om den store trongen for meir kompetanse både for å fjerne og produsere sitkagran.


I nokre av dei eldste felta på Helgeland som vart hogge, var det parti med bortimot same kubikkmasse pr. daa.
Skryt til virkeskjøpar
Frå salen kom det fram at det har vore mykje hogst av sitkagran på Helgeland dei siste åra. Virkeskjøparen Nortømmer vart framheva fordi dei har skaffa kjøparar av sitkagran, også som skurtømmer. Massevirket har m.a. gått til MM FollaCell på Follafoss i Trøndelag og stadig meir av skurtømmeret har gått til Sverige. Nortømmer har i løpet av 2024 og 2025 hogge kring 50 000 m3 sitkagran på Helgeland til ein snittpris noko i overkant av 600 kr pr. kubikkmeter før driftskostnad er trekt. Skogeigarar fortalde at dei var godt nøgde med resultatet, og dei ville produserer sitkagran på nytt. Dei hevda også at den såkalla og mykje omtala «spreiinga» av frøplanter i områder der det ikkje skal vekse skog, var lite registrert. I alle fall var det enkelt å fjerne slike planter ved å kutte dei under lågaste greinkrans.
Meir informasjon og kunnskap
Skognæringa Kyst har vore oppteken av å få etablert ei kurspakke hos SKOGKURS som gjeld produksjon eller fjerning av sitkagran. Når det gjeld permanent fjerning av sitkagran er dette rett enkelte stader. Men også dette krev kompetanse. Vi har fått støtte frå «miljøhald» for ei slik kurspakka, men har møtt på motstand frå uventa hald. Det er difor gledeleg at skogeigarane sjølve set sitkagran på programmet som i Sandnessjøen. Vi takkar for oppdraget og tek gjerne mot tilsvarande oppdrag andre stader langs kysten. Sitkagrana som produksjonstre fortenar mykje meir kunnskap hos aktørane i skognæringa, og ei opprydding i haldningar generelt.


Biletet er frå eit felt i Gulen kommune i Vestland. Instruktør hos Skogkurs Arnt Laukeland syner her fram kor gunstig det er å avstandsregulere tette bestand av siktgran om har kome opp naturleg. Økonomisk er det gunstig fordi ein får 100% tilslag for halve kostnaden av å plante same arealet med gran. Men både å oppnå naturleg foryngelse og å utføre dette arbeidet krev kunnskap. Ryddesaga er også effektiv for å fjerne naturel forynga planter som er kome på feil stad.