Eit nytt taubanemiljø

Publisert 17.11.2025

Gamle og nye taubane-entreprenørar i landet.
F.v. Andreas Råheim i Valdres Skog AS, Torbjørn Frivik i T. Frivik Taubanedrift AS, Frank Terje Rørvik i Rørvik Taubanedrift AS, Alexsander Elvheim i Skog & Bio AS, Mikal Råheim i Valdres Skog AS, Rune Helland i Helland Hogst AS, Gudmund Fløysand i Helland Hogst AS, Sverre Sæterbø i Sæterbø Maskin AS og Kenneth Østebøvik i Sæterbø Maskin AS.
Gamle og nye taubane-entreprenørar i landet. F.v. Andreas Råheim i Valdres Skog AS, Torbjørn Frivik i T. Frivik Taubanedrift AS, Frank Terje Rørvik i Rørvik Taubanedrift AS, Alexsander Elvheim i Skog & Bio AS, Mikal Råheim i Valdres Skog AS, Rune Helland i Helland Hogst AS, Gudmund Fløysand i Helland Hogst AS, Sverre Sæterbø i Sæterbø Maskin AS og Kenneth Østebøvik i Sæterbø Maskin AS.

Under taubanesamlinga i Valdres nyleg stilte også dei nye taubane-entreprenørane i landet. Saman med kring 50 deltakarar vart det ei vellukka samling, der det vart knytt mange nye kontaktar. Eit nytt taubanemiljø er skapt.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Taubanesamlinga i Valdres var primært meint å vere eit taubanekurs for skogbruksleiarar. På grunn av alle dei nye taubane-entreprenørane i 2025, vart tilbodet om deltaking utvida til også å gjelde desse.
SKOGKURS hadde ansvaret for det faglege innhaldet og vil med det første lage ei eiga evaluering.
Uansett er dette starten på eit nytt taubanemiljø. Det vart utan tvil knytt mange nye kontaktar. Slike kontakter vil bli til nytte framover, m.a. for å få til ei effektiv drift på dei nye taubanene.
Norsk Taubanelag vil fortsetje arbeidet med å utvikle taubanemiljøet. Meir spissa kompetanse og auka fokus på planlegging og tilrettelegging vil bli sentralt i det vidare.

Takk for denne gong
Norsk Taubanelag vil takke for 2 flotte dagar i Valdres. Takk til Alle deltakarane som er groen til eit taubanemiljø i landet. Takk til SKOGKURS som satsar på taubanemiljøet. Takk til Valdres Skog som stilte sterkt begge dagar, og gjorde samlinga fullkommen.
Takk også til Skognæringa Kyst som inntil vidare gjer ein del arbeid å utvikle dettet taubanemiljøet i heile landet.
Nedanfor legg vi ut ei biletesamling frå Valdres.

Marit Hougsrud, ordfører i Sør-Aurdal kommune, ønskte velkommen til Valdres. Som skogeigar sette ho pris på at skogsfolket la samlinga til Fagernes, og utferden dagen derpå til Etnedal.
Even Hoffart frå Skogkurs (ståande t.v.) og taubanemannen Nils Olaf Kyllo (t.h) hadde hovudansvaret for det faglege opplegget under samlinga.
Skogbruksleiar Trond Prestrud frå Glommen Mjøsen Skog har mykje erfaring med tilrettelegging for taubanedrifter, og gav gode tips til deltakarane.
Carl Olav Holen hos Statsforvaltaren i Innlandet orienterte om rammevilkår som vedkjem taubanedrifter. Holen har lagt ned mykje arbeid for å utvikle taubanemiljøet, og har mykje av æra for at vilkåra for taubanedrift er mest mogeleg like i landet.
Det var ei aktiv forsamling både under innlegga og i pausane. Her stiller den erfarne skogbruksleiaren Kjell Magne Åshamar frå AT Skog gode spørsmål til innleiarane.
Det vart ei lang rekkje då alle dei 50 deltakarane var på veg opp til den nye taubana til Valdres Skog.
Taubanemannskapet ordna bål og kaffi til forsamlinga. Susanne Bergsbakken Byfuglien køyrer lassberar, og tar unna for taubana som Vebjørn Hilmen styrer. Susanne fekk nyleg og under ei tilstelling på Honne utmerkinga “Årets Lærling”.
Andreas Råheim (midten) orienterar om korleis taubana vil kunne få ein viktig plass i firmaet som han har bygd opp. Valdres Skog vart etablert i 1986, og er den skogsentreprenøren med lengst erfaring i Valdres. Firma har i dag 5 hogstlag i sving og høgg årleg kring 140 000 kubikkmeter tømmer.
Dette er den andre taubanedrifta til Valdres skog, og såleis ein del av innkøyringa. Taubana heiter Syncrofale og er produsert hos Mayr-Melnhof Forsttechnik i Østerrike.
Mikal Råheim (son til Andreas) med mikrofonen orienterte forsamlinga om driftsopplegget. Han understreka at dei enno er i testfasen, men ville gjerne framheve det unge, dyktige mannskapet som også er frå Valdres.
Frå skogsdrifta hadde vi godt utsyn oppover Etnedalen. Vakkert!