Sandtrøen vil opne Brønnøysund Tømmerkai
Publisert 09.06.2026
Fredag 26. juni kl. 08.15 vil landbruks og matminister Nils Kristen Sandtrøen opne den nye tømmerkaien på Gårdsøya i Brønnøysund. Etter 10 års planarbeid og bygging står det flotte anlegget ferdig til å ta imot store mengder tømmer frå skogane på Helgeland.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Innfelt foto av Sandtrøen: LMD
Det starta med Pedersen og Jensen
Den nye tømmerkaien i Brønnøysund har ei noko lang historie. Det heile starta våren 2014. Dåverande skogansvarlege i kommunen Steinar Pedersen og Jan Jensen var sterke pådrivarar for å få planlagt ein ny tømmerkai. Eksisterande kai på Gårdsøya hadde heilt sidan 1980-talet vore nytta til utskiping av tømmer. Hurtigruteanløp og stadig meir trafikk over kaia førte til store logistikkproblem og ekstraarbeid med å få levert tømmer over eksisterande kai.
Det vart så utarbeidd ein søknad om statstilskot til Landbruksdirektoratet både i 2016 og 2018 utan at anlegget vart prioritert. Det vart pånytt søkt om statstilskot i 2020 og denne gongen vart anlegget prioritert, og det vart løyvd 14,9 millionar kroner. Men planarbeidet tok tid, og anlegget vart lyst ut først på hausten 2022. Arbeidet vart starta opp siste kvartal 2024 og ferdigstilt våren 2026 til ein totalkostnad på ca. 54 millionar kroner. Utfordringar med finansiering førte til at Landbruksdirektoratet gav ei ekstraløyving i 2023 på 5 millionar kroner og i 2025 på 3 millionar kroner. Totalt vart det løyvd 22.9 millionar kroner statstilskot til tømmerkaien. Nordland Fylkeskommune gjekk inn med 7 millionar kroner. Resten eller ca. 24 millionar kroner vart finansiert av Brønnøy Havn.
Prosjektering er utført av Multiconsult Norge, ved avdeling for Konstruksjon Kyst og Havn i Tromsø. Hovudentreprenør var Stetind Entreprenør AS, eit lokalt firma med lokale og eksterne underleverandørar.

Ein sterk hamnesjef
Det tok med andre ord heile 10 år å få etablert tømmerkaien i Brønnøysund, faktisk lengst tid av alle dei kring 30 tømmerkaiane i Norge. Utan engasjementet til hamnesjef Sølvi Kristoffersen og etter at Pedersen og Jensen hadde slutta i kommunen, hadde dette aldri late seg gjennomføre. Sølvi har etter underteikna si meining vore ei sjeldan dyktig eldsjel, fagleg sterk, handlingsretta og etter kvart med god kunnskap også om skogbruk.
Eit stort dekningsområde
Dekningsområdet til denne tømmerkaien er primært Brønnøy kommune, Sømna kommune, Vega kommune, Vevelstad kommune og deler av Bindal kommune. Venta tømmerkvantum som kan skipast ut over Brønnøysund er årleg 30 000 – 40 000 kubikkmeter.
Steinar Pedersen som idag er skogsvegplanleggar i Nordland fortel om jamt aukande interesse for å bygge skogsvegar. Det er viktig for å oppnå god lønsemd ved dei mange planlagde skogsdriftene framover.
ISPS godkjent
Kjøparar av skogsvirke (gran og sitkagran) frå denne regionen ligg stort sett i Nordland (Elkem)og Trøndelag (Van Severen i Namsos, Skogn og Follafoss). Sitkagrana har siste tida gått som eksport til relativt gode og aukande prisar. Det er SB Skog, Nortømmer og Allskog som tek på seg drift og omsetning av tømmeret. Hagland Shipping og Arriva Shipping frå Rogaland fraktar tømmeret i denne regionen frå tømmerkai til skogsindustri i Norge og utland. Vi vil til slutt legge til at den nye tømmerkaien i Brønnøysund er ISPS godkjent.
Opent for alle
Hamnesjef Sølvi Kristoffersen er glad for at landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen kjem til Brønnøysund for å opne denne nye flotte tømmerkaien fredag 26. juni. Ho fortel at programmet starta på kaia kl. 08.15 og vil vare fram til kl. 11.00. Det er påmelding for inviterte gjestar. Uansett er alle velkomne, og det skal bli både kaker og kaffi til alle som kjem innom på Gårdsøya denne dagen lovar Sølvi. Det blir sett opp telt i tilfelle det skal regne. Media vil sjølvsagt også vere tilstades.
