Utalelser fra årsmøtet i Skognæringa Kyst
Publisert 22.06.2026
Styresmaktene må satse på framtidsskogen
Årsmøtet i Skognæringa Kyst SA er uroa over utviklinga i norske skogar dei siste åra, der redusert innsats i forynging og manglande ungskogpleie gir samla negative utslag for både karbonopptak, produksjon, kvalitet og framtidig tømmertilgang. Dette er ikkje separate utfordringar, men ulike sider av same utvikling.
-
Ei kraftig opptrapping av planting, gjennom betre og meir målretta tilskotsordningar som fremjer kvalitet og gir reell auke i forynginga.
- Auka satsing på ungskogpleie, for å sikre tilvekst, kvalitet og eit framtidig avverkningsgrunnlag.
- Eit særskilt løft for å tette «Sponheim-kløfta», med prioritering av kystskogbruket.
- Etablering av eit påskogingsprogram for å ta i bruk eigna gjengroingsareal og styrkje det langsiktige ressursgrunnlaget.

Grønt skifte krev norsk treforedling
Årsmøtet i Skognæringa Kyst SA er djupt uroa over utviklinga på videreforedling av tømmer i Noreg. I 2025 vart 40% av det norske tømmeret eksportert ut av landet. Rammevilkåra for å utvikle eksisterande og ny skogindustri er ikkje til stades. I dei seinaste 15 åra har svensk, finsk og tysk skogindustri investert enormt i framtidsretta anlegg mot framtidas marknadar for skogprodukt. I Noreg har industrianlegg vorte lagt ned, og skogindustrien har ikkje hatt evne til å utvikle seg på same måte som konkurrentane.
Utviklinga er særs alarmerande i kystfylka, der det manglar skogindustri som kan foredle lokalt tømmer. Unntaka er Trøndelag og Agder, som fortsatt har foredlingskapasitet.
Utvikling av skogindustri er særs viktig, fordi dette gjev vesentlege bidrag til det grøne skiftet ved at skogprodukt vil erstatte fossile produkt. I tillegg vil det gje store gevinstar i auka verdiskaping i Noreg. Analyser viser at det snart er for seint – ingen investeringar i ny produksjon kan reknast heim slik situasjonen er i dag. Her må storsamfunnet verkeleg bidra for å få noko attende.
På denne bakgrunnen krev årsmøtet:
- Eit statleg investeringsprogram lik satsinga på utvikling av oljenæringa på 1970-talet.
- Eit styrka industrikraftregime som prioriterer lange grøne verdikjeder i Noreg.
- Eit system for premiering av produksjon som erstatter fossile produkt, og som har låge klimagassutslepp.
- Eit næringsvenleg skattesystem som erstatter formueskatt på produksjonsanlegg med høgare skatt på overskot.
- Etablering av eit Industridirektorat som tar heilskaplege vurderingar av miljøreguleringar, finansielle ordningar og industripotensiale ved søknadar om ny industribygging.
Årsmøtet understrekar at om ikkje styresmaktene stiller opp no, vil utviklinga av Noreg, som råstoffleverandør av tømmer berre halde fram i feil retning. Dette gjeld ikkje minst for dei tradisjonelle skogreisingsfylka.