Bilete reportasje frå opning av Brønnøysund tømmerkai

Publisert 03.08.2026

Mykje folk var samla i Brønnøysund denne dagen og desse fekk plass på biletet. Mannen som står i midten og ragar høgast er Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.
Mykje folk var samla i Brønnøysund denne dagen og desse fekk plass på biletet. Mannen som står i midten og ragar høgast er Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Hamnesjef Sølvi Kristoffersen lyt ha mykje av æra for tømmerkaien i Brønnøysund og ikkje minst for  eit imponerande  opplegg ved opninga av den nye tømmerkaien like før ferien. Bileta nedanfor talar for seg sjølv.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Vi har i eit oppslag 09.06.26 på denne netttsida skrive ein del om den nye tømmerkaien i Brønnøysund, om bakgrunnen for kaien, om lange prosessar og om resultatet slik kaien står fram i dag. Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen opna tømmerkaien 24. juni 2026. Det var stor deltakelse frå både både skognæring og skogforvaltning som går fram av bileta nedanfor. 

Den nye tømmerkaien i Brønnøysund er ISPS godkjent allereie ved opninga.
Landbruks. og matminister Nils Kristen Sandtrøen kom med tømmerbil til opninga i Brønnøysund. Her blir han teke imot av hamnesjef Sølvi Kristoffersen
Snorklippen til statsråd Nils Kristen Sandtrøen var effektiv, – med god hjelp av f.v. Paul Birger Hansen (leiar i Sømna og Velfjord Skogeierlag), hamnesjef Sølvi Kristoffersen og t.h. Jan Jenssen (tidlegare skogbrukssjef i Brønnøy kommune)
Siv Aglen, ordførar i Brønnøy kommune ønska alle velkomne til opninga av tømmerkaien.
Tdlegare fylkesordførar i Nordland og under opninga fungerande ordførar i Vevelstad kommune Kari Anne Bøkestad Andreassen.
Svein Magnar Øien Eggesvik er fylkesråd for næring i Nordland Fylkeskommune. Fylkeskommunen i Nordland har løyvd midlar til alle tømmerkaier i fylket, også kaien i Brønnøysund.
Linda Helen Haukeland er vararordfører i Nordland Fylkeskommune. Ho har over ei årrekkje delteke i nettverket i Kystskogbruket, og har medverka til at Nordland Fylkekommune er den fylkeskommunen i landet som har bidrege mest økonomisk ved utbygging av tømmerkaiar.
Geir Sund, fylkesskogmester hos Statsforvalteren i Nordland kunne fortelje om store skogressrsar som etter kvart blir hogstmodne i dekningsområdet til den nye tømmerkaien.
Fredrik Kviteberg Moholt er ny virkeskjøpar for Nortømmer AS i Nordland. Han håpar på eit godt samarbeid med skogeigarar og skognæring i fylket.
Frode Moen er leiar logistikk i Allskog SA
Jan Jenssen er tidlegare skogbrukssjef i Brønnøy kommune. Saman med Steinar O. Pedersen (sjå også nedanfor) er han ei eldsjel av den gode, gamle sorten og har medverka mykje til både skog og tømmerkai i kommunen.
Paul Birger Hansen, leiar i Sømna og Velfjord Skogeierlag. Laget er mellom dei mest aktive skogeigarlaga i landet.
Ole Bakke, leiar i Skognæringa Kyst. Han vende seg til statsråden og nytta høvet til m.a. å snakke om trongen for statlege kroner til å fjerne flaskehalsar på kommunevegar.
Eit kulturelt innslag var svært populært.
Steinar O. Pedersen, tidlegare skogbrukssjef i Brønnøy er mannen som først stilte spørsmål om ein ny tømmerkai i området. Han var svært sentral i startfasen, og hamnesjefen nytta høve til å takke Steinar.
Fleire fekk blomster for sine bidrag i prosessen.
F.v. Anders Johansen (noverande styreleiar i Brønnøy Havn KF), Jan A. Johnsen (styreleiar i Brønnøy Havn i perioden 2011 – 2015), Paul Birger Hansen (leiar Sømna og Velfjord Skogeierlag), Johannes Sjøset (byggleiar frå Multiconsult under bygging av tømmerkaia i perioden 2024 – 2025), Jan Jenssen (tidlegare skogbrukssjef i Brønnøy kommune), Steinar O. Pedersen (tidlegare skogbrukssjef i Brønnøy kommune), Kjell Arne Wika (prosjektleiar for Stetind Entreprenør, utførende entreprise for oppføring av tømmerkaia) og ytterst til høgre hamnesjef Sølvi Kristoffersen som også delte ut bukettane.
Det vart servert mykje god mat og kaffi i teltet som etterkvart vart fullt med folk. Her ser vi ca. fjerdeparten av teltet.
Anders Johansen, styreleirar i Brønnøy Havn KF takka forsamlinga for frammøte og avslutta med å love skognæringa i regionen gode vilkår for transport av tømmer sjøvegen fram til næraste skogsindustri.
Ole Bakke og underteikna kom køyrande i Ole sin raske privatbil frå Værnes til Brønnøysund. Vi har vore i Brønnøysund mange ganger, og biletet fortel kvifor tømmeret måtte bort frå hurtigrutekaia, – der det også denne dagen låg eit turistskip. No er dette løyst.
Alt går bra så lenge vi har lokale eldsjeler. Vi vil spesielt nemne dei to tidlegare skogbrukssjefane Steinar O. Pedersen og Jan Jenssen og ikkje minst hamnesjefen sjølv Sølvi Kristoffersen. Takk for ein jobb som enda så grueleg godt!
Dei skoglege eldsjelene i Brønnøy ville gjerne syne fram flaskehalsar på kommunevegar etter kaiopninga. Det er det fleire av i Brønnøy.
F.v. Helge Kårstad frå Skognæringa Kyst, Jan Jenssen (tidlegare skogbruksjef i Brønnøy), Vasyl Lakatosh (skogansvarleg i Brønnøy kommune), Paul Birger Hansen( (leiar i Sømna og Velfjord Skogeierlag), Robert Langfjord (avdelingsleder teknisk i Brønnøy kommune), Marthe Bratland (enhetsleder teknisk i Brønnøy kommune) og Steinar O. Pedersen (vegplanlegger i Nordland).
Vi håpar det kjem søknader om pengar til opprusting og oppgradering av kommunevegar som er viktige for skogbruket innan fristen 1. september.