Skogseminar på Voss

Publisert 13.08.2026

457046706_899475162211877_4955673802266429826_n
Vestland Skognettverk og Kystkogbruket inviterer til skogseminar med skogdebatt måndag frå kl 10.00 i Voss Kulturhus, i den store kinosalen.

Med både europeisk og nasjonal politikk kan skogbrukets langsiktige tankegang endrast mykje på kort tid. Ulike aktørar frå Skog- og trenæringa vil halde foredrag om rammevilkår som påverkar industrien både direkte og indirekte, og forklare kva utfordringar og mogelegheiter det gir oss.

Me vonar at politikarar, offentleg forvalting, studentar, næringsaktørar, skogeigarar, organisasjonar og andre som er opptatt av regional næringsutvikling deltek på dette arrangementet.

Det er gratis å delta på, men krevs påmelding grunna matservering; påmelding innan 19.august på Seminar om rammevilkår for skogbruket i Vestland – Fyll ut skjema

Program:

10.00:   Kaffi og registrering

10.10:   Opning av styreleiar Sjur Ove Svartveit

10.15:   Heidi Finstad, Admin. dir. Treindustrien

              Store utfordringar, og endå større mogelegheiter

10.45 Ida Marie Flytør, Dæhlin Sand Advokatfirma

                Plikt på reguleringsplan når det gjeld veg og meldeplikt på hogst

11.15:   Kristine Jacobsen, NORSKOG

80-års investeringar utan sikker realisering – et styringsparadoks i skogbruket

11.45: Lunsj

12.30: Ida Årø, Norges Skogeigarforbund

Pressa næring møter mange hold i form av kartleggingar, nye regelverk frå EU og endra lovar og reglar

13:00:   Politisk del.

Skogbruk i Vestland – ei langsiktig næring med utfordringar og mogelegheiter