Nytt kurs for taubanedrift

Publisert 10.10.2026

Ein viktig dag for norsk taubanemiljø. Presentasjon av økonomikurset for taubanedrift i SKOGKURS sine lokaler i Brumunddal denne veka. F.v. administrerende direktør Eva Skagestad, faggruppeleder for driftsteknikk, infrastruktur og økonomi Dag Fjeld, sekretær i Norsk Taubanelag Helge Kårstad og faggruppeleder for pedagogikk, kommunikasjon og IT ved SKOGKURS Ragnhild Kjeldsen.
Ein viktig dag for norsk taubanemiljø. Presentasjon av økonomikurset for taubanedrift i SKOGKURS sine lokaler i Brumunddal denne veka. F.v. administrerende direktør Eva Skagestad, faggruppeleder for driftsteknikk, infrastruktur og økonomi Dag Fjeld, sekretær i Norsk Taubanelag Helge Kårstad og faggruppeleder for pedagogikk, kommunikasjon og IT ved SKOGKURS Ragnhild Kjeldsen.

Etter initiativ frå Norsk Taubanelag og i samarbeid med Skognæringa Kyst har SKOGKURS laga eit nettbasert økonomikurs for taubanedrift. Kurset vil vere tilgjengeleg på nyåret 2027.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ei dobling av taubanekapasiteten i landet 
Som kjent har Norsk Taubanelag engasjert seg mykje dei siste åra for å legge til rette for skogdrift i bratt terreng ved hjelp av taubane. Både virkekjøparane i landet og skogavdelingane hos statsforvaltarane i alle fylka er sentrale medspelarar. Det vart tidleg etterspurt eit eige kurs for bedriftsetablering med fokus på økonomi. I  2025 vart det etablert heile 8 nye taubanelag eller minst ei dobling av taubanekapasiteten i norske skogar. Trongen for eit økonomikurs vart følgjeleg brått stor.

Sterk støtte for utvikling av økonomikurset

Utvikling av denne kurspakka hos SKOGKURS er støtta av Skogbrukets Verdiskapingsfond (ca. 43%) og fylkesinntrekte rentemidlar frå  alle fylka i landet (totalt ca. 57%).
Mannskapsskifte ved SKOGKURS har ført til at utvikling av økonomikurset vart noko utsett i tid, men kurset vil no vere klar til bruk på nyåret 2027. Dag Fjeld har vore sentral ved utvikling og ferdigstilling  av kurspakka.
Økonomikurset er eit nettbasert kurs over 2 dagar. Det er retta mot taubaneentreprenørar og personar som arbeider med taubane i bratt skogsterreng, skogbruksleiarar og tilsette i offentleg skogforvaltning,

Ei skånsom driftsform i skogsterrenget
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik har lang erfaring i taubanebransjen. Han meiner at dette kurset bør alle som er engasjert i taubanedrift på ulike nivå gjennomføre. Planlegging og økonomisk innsikt er nøkkelfaktorar for å få taubanedrifter til å løne seg over tid held Frivik fram.

Vi vil legge til at ei driftsform ved hjelp av taubane blir sett på som berekraftig, m.a. svært nyttig ved vindfall i bratt terreng og skånsam mot fysiske inngrep i skogsterrenget. Vi vil nok også seie at taubanedrift totalt sett er meir krevjande å gjennomføre enn andre driftsformer i skogbruket, og utfordringane er mange. Fokus på økonomi kan vere avgjerande.