Skogbruk, skogindustri og tømmerkaiar i Salten
Publisert 15.12.2017
Ei effektiv utbygging av infrastruktur og tømmerkaiar er for tida tema i kommunane i Salten, dvs. Meløy, Gildeskål, Bodø, Beiarn, Saltdal, Fauske, Sørfold, Steigen og Hamarøy.
I Sørfold ligg Elkem Salten som treng i overkant av 100 000 kubikkmeter tømmer til flis som sikrar kvaliteten ved framstilling av silisium. Sagtømmeret går til industri andre stader i landet, men det blir også arbeidd med å bygge opp lokal sagbruksindustri. Uansett blir sjøvegen viktig i framtida.
Denne veka var representantar frå kommunar,fylke, skog og skogindustrifolk samla på kommunehuset i Straumen i Sørfold for å diskutere utbygging av ein ny tømmerkai. Plasseringa er like ved Elkem Salten sitt anlegg som produserar metallurgisk silisium og microsilika. Desse produkta blir brukt i mange forbruksvarer som vi til dagleg handlar i butikken. Og produksjonen til Elkem treng noko i overkant av 100 000 kubikkmeter tømmer til flis (derav ca. 20% lauvtrevirke, resten gran) som sikrar kvaliteten til det ferdige silisium. Plasseringa av tømmerkaien like ved Elkem sitt anlegg vil ha store logistikkmessige føremonar for skogbruket ved at alle kvalitetar av ein tømmerstokk kan transporterast inn til ein terminal i Straumen.
Denne tømmerkaien vil primært dekke kommunane Sørfold, Bodø, Fauske og Saltdal.
Det vil bli ein kommunal kai og ordføraren opplyste på møtet at skogeigarane i dekningsområdet vil få tinglyst ein framtidig prioritert bruksrett til kaien under føresetnad av statleg investeringstøtte. Det vart også presisert i møtet at det er eit vilkår at skognæringa og skogforvaltninga samla vil gå inn for denne tømmerkaien. Kommunen vil i nærmaste framtid få utarbeidd ei skisse for løysing der både tekniske løysingar for tømmerkaien, kostnader, tilgang på tømmer, avtaler og bruksrettigheiter vil bli nærmare utgreidd. Ein søknad om statleg investeringstøtte vil venteleg kome i 2018.
Kva med Beiarn ?
Det er planta mykje skog i Beiarn kommune, som ligg lenger sør og vestanfor Saltdal kommune, med tilgang via veg frå E6 og over Beiarnfjellet.
Det er kring 10 mil frå Beiarn til Straumen, med relativt mykje motkøyring over Beiarnfjellet. Dette vil difor ikkje vere noko god framtidig løysing for skogen i Beiarn. Det er sølvsagt viktig å få i gang meir lokal foredling av tømmeret, men venteleg vil mykje av tømmer frå skogen i Beiarn også i framtida bli seld til føretak utanfor kommunen.
Under eit møte i Beiarn denne veka, vart kommunen oppmoda om å få vurdert om det mogeleg å sikre sjøleia inn Beiarnfjorden. Dette fordi sjøtransport av tømmer er mykje rimelegare enn transport på veg. Det må mudrast ytterst i Beiarnfjorden (Kjellingsundet), leia må merkast og dette vil koste ein god del pengar. Det er Kystverket som vurderar og kostar slike tiltak. Det er også klart at dersom sjøleia inn Beiarnfjorden skal utbetrast og sikrast, må fleire næringar i Beiarn ynskje og trenge dette.
Inntil at dette er avklara, vil ein ikkje kunne ta stilling til framtidig transportåre for tømmeret frå Beiarn.
Steigen
Det er bygd ny tømmerkai på Drag i Tysfjord som dekkjer Tysfjord og Hamarøy kommunar.
For tida er det under planlegging ein ny tømmerkai i Steigen kommune. Det er mykje skog i denne kommunen, og det blir for langt å transportere tømmeret til Drag. Skogbruksjef Gjermund Laxaa i Steigen opplyser at det venteleg vil bli søkt om statleg investeringstøtte til ein tømmerkai i Steigen i 2018.
Meløy og Gildeskål
I dette området er det også planta mykje skog. Det fins nokre eigna kaier i området, men det er ikkje på noko måte sikra framtidig bruk av desse kaiane til tømmer. Det er heller ikkje pr. i dag vurdert utbygging av nokon ny eigen tømmerkai i denne regionen. Det er nødvendig å finne ei avklaring på dette i løpet av 2018.