Flaskehalsar på kommunevegar
Publisert 24.02.2019
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.02.2019
Avisa Nationen hadde 19. februar eit 4-siders oppslag om flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar. Dagen etter følgde avisa opp med følgjane sitat på leiarplass;- «Skognæringens produksjonslinje flytter enorme volum frå stubbe og ut i verden. Flaskehalsene langs veiene må vekk»
Avisa Nationen ved journalist Lars Bilit Hagen og fotograf Siri Juell Rasmussen tok 19. februar turen til Bergen. I Fana møtte dei sentrale personar innafor den skoglege infrastrukturen. Tema var m.a. flaskehalsar for tømmertransport på kommunevegar.
Tømmerbilsjåfør Austestad stilte med tømmerbil og demonstrerte på ein svært god måte effektar av å køyre lovleg last på veg med tillate vogntoglendge berre 12,4 meter kontra 19,5 meter vogntoglende som gjev høve til å nytte tilhengar.
Fylkesskogmester i Vestland Torkel Hofseth gav nyttig informasjon kring tilstanden på kommunevegnettet i kystskogfylka og sa m.a. – «Det å sette igjen hengaren, selve arbeidshesten, har man rett og slett ikkje råd til»
Leiar i Vestland FrP Gustav Bahus har lenge vore oppteken av flaskehalsproblema på Vestlandet og viste til regjeringsplattforma på Granvollen sin uttale; om at regjeringa vil styrke grunnlaget for skogbruket gjennnom kostnadsreduserande tiltak og fjerning av flaskehalser i infrastrukturen i skogbruket
På leiarplass dagen etter skriv avisa Nationen følgjande; – «Skognæringens produksjonslinje flytter enorme volum frå stubben og ut i verden, Flaskehaslsasne langs veien må vekk!»
Her kan du lese oppslaget i avisa Nationen, 19. februar
Her kan du lese leiaren i avisa Nationen, 20. februar.