Lagar møblar som kan gå i arv

Publisert 04.12.2020

AMA stolen til Lene og Kristian Harnes er første produkt i ein ny kolleksjon. Bokstavane AMA er dei tre midterste i ordet "saman" og er m.a. brukt for å rette fokus mot samhald.
AMA stolen til Lene og Kristian Harnes er første produkt i ein ny kolleksjon. Bokstavane AMA er dei tre midterste i ordet "saman" og er m.a. brukt for å rette fokus mot samhald.

I desse dagar slepper dei AMA stolen ut i marknaden.
Vi snakkar om firma NUEN til ekteparet Lene og Kristian Harnes i Os i Vestland. Dei produserar designmøblar av lokalt trevirke og med fokus på naturmaterialer og lang brukstid. Møblar som kan gå i arv.

Tekst og foto; Helge Kårstad

Lene Notland Harnes og Kristian Harnes flytta frå Oslo til øya Huglo I Hordaland i 2018 for å etablere møbelproduksjon under namnet NUEN, kalla opp etter sundet mellom Huglo og Stord. Målet har vore å produsere møblar innafor den skadinaviske designsfæren, bruk av naturmaterialer og lokalt kortreist trevirke.

Dei vart fort lagt merke til. Under interiør- og designmessa i Grieghallen i Bergen i 2019 vann dei prisen for Årets Utstiller, med ein kolleksjon av senger i norsk eik og madrassen trekt med villsauull frå Nordhordland Villsaulag.

NUEN har nyleg opna butikk i sentrum av Os. I bakgrunnen butikksjef og interiørdesigner Arin Aurora Menes. Ta deg ein tur dit, ein god halvtime frå Bergen.

AMA stolen

Siste møbel i kolleksjonen er AMA stolen som vi er unik i både form og stil. Den er laga av ask frå Sunnhordland. Tømmeret er skore på saga til Knut Geir Tofte på Halsnøy. Men det er sjølve setet som er heilt unikt. Klossar av ask er bunde saman med trådar av hampetau som produsert på reiparbanen ved fartøyvernsenteret i Norheimsund.
Denne konstrukjsoen har gått gjennom ein test ved eit testlaboratorie for stolar i Sykkulven. For å få stolen med hampetråden godkjent for dagleg, offentleg bruk, er kravet 100 000 syklusar med ei belastning på 100 kg trykk ned og 30 kg trykk bak. Hampetråden med diameter 4 m.m. takla testen, og det er denne tråden som no er brukt på NUEN stolen.
AMA stolen er kort sagt god å sitje i, så god at du helst ikkje vil stå opp igjen! Ein stol å bli glad i, ein stol som kan gå i arv, ein stol til selskap og fest, ja gjerne ein stol til heimekontoret.
Vil du lese meir om møbler frå NUEN finn du ei rekkje artikler og eiga nettside/ facebookside om du googlar.

Detalj av AMA stolen med dei særprega sitje-klossane av ask, samanbunde av trådar av hampetau frå reiparbanen i Norheimsund.
Då er det dekka til bords med AMA stolar. Første gjesten denne dagen var Ove Frotvedt. Legg merke til bordet av eik, produsert ved Hamran snekkerverkstad i Agder. Enden på bordet (ved Ove) er ei steinplate av larvikitt frå Larvik.