På snøpakka vegar

Publisert 05.02.2021

Snøpakka vegar var ein gong pensum for skogstudentar på Ås.
Dei som har levd ei stund, huskar nok dei innlevande foredraga til professor Ivar Samset om snøkrystallar, omdanning av krystallar i snøen og anlegg av snøpakka skogsvegar. Han hadde mykje rett Ivar, - meir miljøvenleg tømmerdrift fins nok knapt. Og attpåtil skin sola.
Snøpakka vegar var ein gong pensum for skogstudentar på Ås. Dei som har levd ei stund, huskar nok dei innlevande foredraga til professor Ivar Samset om snøkrystallar, omdanning av krystallar i snøen og anlegg av snøpakka skogsvegar. Han hadde mykje rett Ivar, - meir miljøvenleg tømmerdrift fins nok knapt. Og attpåtil skin sola.

“Dette er nett som i gamle dagar” seier instruktør i Aktivt Skogbruk Arnt Laukeland. Ein gnistrande vinter med snøpakka vegar har sett fart i eigeninnsatsen i skogen på Vestlandet, og skogeigaren kursar seg som aldri før.

Arnt Laukeland fortel at han siste 14 dagane har halde 10 kurs i Sogn og Fjordane for rett kapping av tømmer. Kurset er retta mot skogeigaren som høgg tømmer sjølv. Og interessa har vore rekordstor med kring 15-20 deltakarar på kvart kurs. Denne veka går Arnt igang med 10 nye kurs i gamlefylket for bruk av motorsag. – “Ja dette er nett som i gamle dagar” seier Arnt.
Det er Sogn og Fjordane Skogselskap som står bak opplegget. Nytilsett dagleg leiar i skogselskapet heiter Ruben Bøtun som opphaveleg kjem frå Kaupanger i Sogn. Kontorstad er Florø, og Bøtun seier at responsen på desse kursa har vore svært gledeleg. Dette gir inspirasjon for vidare kursing utover våren, og Ruben kan fortelje at det i alle fall vil bli tilbod om kursing i skogkultur, ungskogopleie og planting av gran og furu.

AT Skog er ny virkeskjøpar i Vestland og Rogaland etter overtakelse av Vestskog, og dei merkar også den gode vinteren for skogsdrift.
Vidar Jørdre i AT Skog og med kontorstad på Voss, fortel at det har vore stort påtrykk frå skogeigarar som vil hogge sjølv i vinter. Det er også god avsetnad på skurtømmeret som frå dette området stort sett går til Tyskland.


Bildereportasje
I denne reportasjen skal vi ta med nokre bilder frå eigeninnsats i skogen, kursing i rett kapping av tømmeret og tømmerbiltransport på nedklassifiserte kommunale vegar, frå velteplass til tømmerkai.
Tekst: Helge Kårstad.
Foto: Helge Kårstad med unntak av bilde under.

17 minusgrader på motorsagkurs i Hafslo, Luster kommune i går. Kjempebålet skapte både varme og stemning fortel Arnt, som også har teke bildet.
Skogeigaren nyttar stort sett landbrukstraktor som eksempelet syner. Dette er ein eldre (1979 mod.) skogsrigga Fiat 680 DT med bukbeskyttelse, Sandvik tømmerskjær og 2 tromla Igland Compact vinsj (3000/2). Utstyret var vanleg for 20-30 år sidan i Norge, og det er ofte denne type utstyr av ulik alder som i desse dagar er igang hos mange skogeigarar på Vestlandet denne vinteren.
Sleping av tømmer på snøpakka vegar er kanskje den mest miljøvenlege driftsforma i skogbruket. Men det føreset skikkelege vintrar. Driftsforma fører samtidig til småflatehogst, gjerne 2-6 dekar i slengen.
Instruktør Arnt Laukeland fortel kursdeltakar på kappekurs på Våge, Fjaler kommune forrige veke at brytekanten ved manuell hogst må fjernast på skurstokkane.
Råte ved stubbeavskjer går vanlegvis ikkje så langt oppover stammen. Tipset her er å snitte inn for å sjekke om råten er borte etter ein halvmeter eller ein god meter og. I så fall er det lønsamt å bulte (kappe for svinn), går råten lenger lønar det seg å kappe ut ein slipstokk. Snittet eller snitta reduserar ikkje verdien på slipstokken.
Kjøpar av sagtømmer få Vestlandet denne vinteren godtek kvist i alle storleikar. MEN, det må vere godt kvista presierar Arnt til kursdeltakarane på Våge.
Langkrok i virket blir ikkje godteke dersom pilhøgde er over 1% av lengda på stokken.
Elles er det ein god regel at toppsylinderen skal vere gjennomgåande i stokken. I dette tilfelle gjer den ikkje det, og difor er dette ingen skurstokk.
“Tømmerkran i snødrev”
Frå velteplass går tømmeret dei fleste stader i kystskogfylka til ein tømmerkai, i dette tilfelle frå Bygstad i Sunnfjord kommune til nye Kvamen tømmerkai i Fjaler.
Inntil 75% av dei kommunale vegane i Vestland har flaskehalser for tømmertransport.
I dette tilfelle er vegen klassifisert med tillate lengde 12,4 meter, og det er difor ikkje tillate å nytte tilhengar. Tømmeret må difor kippast.
Kipping kostar totalt kring 80 kr/m3 (NIBIO 2019) og skogeigar må vanlegvis betale kring 30 kr/m3.
Denne kommunale vegen har eit godkjent vinterakseltrykk på BK10/50.
Firma Skogtrans AS frå Høyanger har nyleg anskaffa ein 4 aksla tømmerbil. Bilen kan laste ca. 15 tonn eller kring 16 m3 som i dette tilfellet. Vekta på framakselen kan bli inntil 9 tonn og bilen køyrer difor loveg med fullt lass vinterstid. Kippinga unngår ein likevel ikkje.

Også hjorten set stor pris på snøpakka vegar, barskog og lauvskog i vakker vinterskog.