Ein brukarvenleg applikasjon

Publisert 28.09.2022

T Frivik Taubanedrift er for tida i Vadheim i Sogn. Testinga av appen gav nyttige resultat både her og ved drifta i Balestrand. F.v. taubaneentreprenør Frank Terje Rørvik, taubaneentreprenør Torbjørn Frivik, skogbruksleiar i AT Skog Olav Bremer og prosjektleiar Endre Hofstad Hansen frå Skogkurs som står for utviklinga av appen.
Skogbruksleiarane Kjell Magne Åshamar og Terese Tenden delok også, men var ikkje tilstades då biletet vart teke.
T Frivik Taubanedrift er for tida i Vadheim i Sogn. Testinga av appen gav nyttige resultat både her og ved drifta i Balestrand. F.v. taubaneentreprenør Frank Terje Rørvik, taubaneentreprenør Torbjørn Frivik, skogbruksleiar i AT Skog Olav Bremer og prosjektleiar Endre Hofstad Hansen frå Skogkurs som står for utviklinga av appen. Skogbruksleiarane Kjell Magne Åshamar og Terese Tenden delok også, men var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Taubanekalkulatoren er no omforma frå rekneark til ein brukarvenleg applikasjon («app»).
Igår vart appen testa ved to pågåande taubanedrifter i Sogn. Kalkulatoren for taubanedrift er den første i Norge, og vil bli gjort offisielt tilgjengeleg innan årsskiftet.
Tekst og foto: Helge Kårstad


Norsk Taubanelag tok hausten 2020 initiativ til å utvikle ein nettbasert produktivitets- og kostandskalkulator for taubane. Arbeidet starta opp våren 2021. Skogkurs har vore prosjektleiar og har saman med NIBIO utvikla kalkulatoren. Arbeidet er finansiert av Verdiskapingsfondet (50%), saman med Skogkurs, Skognæringa Kyst og Statsforvaltarane i Norge.

Klare signal i Brumunddal
Årets taubanesamling i Brumunddal gav klare signal om ei sterkare satsing på skogsdrift i bratt terreng i store deler av landet. Men profesjonell kompetanse, gode og sikre rammevilkår er ein føresetnad. Blir ikkje det betre enn idag, vil vi venteleg vere utan taubaneentreprenørar i Norge i framtida.

Aktiv jobbing framover
Norsk Taubanelag vil framover ta initiativ for å finne løysingar på dette. Skognæringa og særleg virkeskjøparane vil vere sentrale i dette arbeidet.  I løpet av 1. kvartal 2023 vil laget m.a. ta initiativ til ei samling der økonomi, rammevilkår og bruk av taubanekalkulatoren blir sentral.

Testinga av appen føregjekk også i Balestrand i Sogn, her ved Rørvik Taubanedrift si pågåande skogsdrift ovanfor sentrum i Balestrand.