Vestland Skognettverk arrangerer skogseminar med politisk skogdebatt
Publisert 22.06.2023
Den 28. august 2023 arrangerer Vestland Skognettverk skogseminar med politisk skogdebatt i Vossavangen. I år rettar vi fokus på skogplanting og skogforyngelse i Vestland fylke!
Tekst og foto: Ruben Bøtun, Sekretær Vestland Skognettverk
Skogkonferansen startar kl 10.00 på Gjernesmoen ved Hordaland Bioenergianlegg. Det blir servert lunsj kl 12.30 og den siste timen vil stortings- og fylkestingspolitikarar frå Vestland debattere om skogpolitikk som kan sikre framtidsskogen i Vestland på best mogeleg måte.
Innlegg- og foredragshaldarar vil blant anna vere Statsforvaltar Liv Signe Navarsete, Per Kjelstad (tidl. leiar i Sogn og Fj. Skogeigarlag), Bjørn Helge Bjørnstad (Skogkurs), NIBIO, NORSKOG og AT Skog.
Seminaret vil vere gratis og opent for alle, men krev påmelding: PÅMELDING HER!