Politikarane må ikkje gløyme skognæringa
Publisert 09.08.2024
Kvart år blir det avvirka omlag 500.000 m3 tømmer i Vestland fylke. På Vestlandet (inkl. to nabofylka) står det omlag 142.000.000 m3 med skog, med ein årleg tilvekst på ca. 3.000.000 m3, og årleg hogst på omlag 850.000 m3 (ssb.no). Med andre ord, skogressursane på Vestlandet aukar med over 2.000.000 m3 for kvart år. Eit kubikkmeter tømmer har i dag ein bruttoverdi på mellom 600-750 kroner.
Tekst og foto: Ruben Bøtun, Vestland Skognettverk
Årets skogseminar, Vossamøte, blir arrangert måndag den 26. august på Gjernesmoen i Voss.
Med rekordhøge tømmerprisar er det meir aktuelt enn nokon gong å utnytte skogressursane som står i utmarka vår, og ein del av dei enorme mengdene med skog som blei planta på 60-og 70- talet er allereie hogstmodent. Men logistikk og infrastruktur er truleg den største utfordringa for skog- og trenæringa i fylket vårt. Klarar me å hente ressursane våre før dei blir tatt av den neste store stormen?
Om Vestland fylke skal ha ei skognæring om 100 år, så må det tilretteleggast meir for næringslivet som driv skog- og trebruk. Korleis kan politikarane i Vestland løyse dette?
Seminar og skogdebatt
Midt blant tømmerlunnene på Gjernesmoen vil engasjerte foredragshaldarar løfte både mogelegheiter og utfordringar som er i skog- og trenæringa. Kva må politikarane gjere for å sikre ei skognæring i framtida?
Etter seminaret blir det skogdebatt med dei største partia i fylket for å diskutere kva dei kan gjere for å sikre at skogverdiane
Me ynskjer at skogeigarar og dei som er engasjerte i skogbruket deltek på dette seminaret, og gjerne stiller spørsmål eller løfter problemstillingar som går ut på logstikk og infrastruktur i fylket vårt. Dette er mogelegheita for skognæringa å tale direkte til politikarane som legg rammene for Fylkeskommunen.
Gratis deltaking, men krevst påmelding grunna matservering: https://forms.office.com/e/Kneu7Ss23D
Me vonar alle som har høve og lyst deltek på dette skogseminaret
mvh
Ruben Bøtun
Sekretær
Vestland Skognettverk
Skognæringa Kyst SA