Dialogmøte om fylkesvegar

Publisert 26.09.2024

Venstre rekke (frå nederst) Ole Bakke fra Skognæringa Kyst, Torbjørn Frivik frå Skogstrans AS, Eivind Yttri frå Vestland fylkeskommune, Hans Austestad frå Austestad Transport AS, Ingunn Kjelstad frå Fjordtømmer og Torkel Hofseth frå Statsforvaltaren i Vestland. Midtre rekke (frå nederst) Hans Bjarte Austestad frå Austestad Transport AS, representant (mangler namn) frå Vestland fylkeskommune og John Martin Jacobsen frå Vestland Fylkeskommune. Rekka til høgre (frå nederst) leiar i Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland Fylkeskommune Arve Helle, Dag Skjølaas frå Norges Skogeierforbund, Jan Ivar Rødland frå AT Skog, Jan Ove Halsøy frå Lastebileierforbundet (region 5) og Mariann Myklebust frå Nortømmer. Det deltok også nokre personar på teams.

“Dette var eit vellukka dialogmøte” sa leiar i samferselsutvalet i Vestland Arve Helle då skognæringa i Vestland møtte “mannsterke” for å drøfte flaskehalsar for tømmertransporten med fylkeskommunen sine fagfolk idag.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Sterk auke i hogsten
Som kjent er det ein sterk auke i hogsten i Vestland kvart einaste år. Samtidig er det eit faktum at denne regionen har dei dårlegaste offentlege vegane i landet. Verst stilt er kommunevegane, men det er også mykje som må betrast på fylkesvegane.

Fylkeskommunen vil ha prioriterte, konkrete innspel
Vestland er det fylket i landet som har det lengste fylkesvegnettet. Samtiddig er geologien slik at det kostar å føre fram eit moderne vegnett. Rassikring er også ei prioritert oppgåve hos fylkeskommunen.
Alt dette kostar pengar, – mykje pengar. Det er ein av grunnane til at Vestland fylkekommune nyleg har sett igang eit “forsterkningsprosjekt” der målet er å utføre tiltak som er “godt nok” sett i samanheng med årsdøgnstrafikk og bruk av vegen. Først skal vegstandaren og aktuelle tiltak for oppskriving definerast med kostnadsoverslag. Deretter skal aktuelle tiltak priorteast. Her ynskjer fylkeskommunen prioriterte innspel frå dei ulike næringane. Kva vegar er dei viktigaste å få utbetra og oppskrive, sett i høve til transportmengde og bruken av vegen?
Frå skognæringa vart ein nyleg analyse frå Transportøkonomisk Institutt presentert. Denne analysen priorterar ei oppgradering av både kommune- og fylkesvegar i kvar kommune og basert på framtidige tømmermengder over vegen. Etter ei oppdatering (pr. 2024/25) vil denne kunne nyttast direkte inn i forsterkningsprogrammet il fylkekommunen.

Møtet var svært velluka. Det vart bestemt eit nytt dialogmøte om ca. eit halv år, der oppdaterte prioteringar frå skognæringa skal leggjast fram.