Taubanesamlinga 2024 er nærast fullteikna

Publisert 04.10.2024

Det er også bratte lier i Telemark, som her frå Nordagutu der den andre dagen av taubanesamlinga skal føregå.
Det er også bratte lier i Telemark, som her frå Nordagutu der den andre dagen av taubanesamlinga skal føregå.

Innan fristen 1. oktober hadde det meldt seg noko i overkant av 50 deltakarar til årets taubanesamling i Bø og Nordagutu i Telemark. Dette er svært gledeleg seier leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ei veksande interesse
Det er utan tvil ei veksande interesse for bruk av taubane i norsk skogbruk, både mindre og større baner. Det er nok fleire grunnar til dette.
Difor er det gledeleg at det er nettopp i det “gamle” taubanefylket Telemark at responsen på taubanesamlinga er høgare enn på mange år. Programmet startar 17. oktober kl. 15.00 og går over 2 dagar.
Leiar i Norsk Taubanelag Torbjørn Frivik er imponert over interessa for samlinga, og er ikkje minst glad for at dei fleste virkeskjøparane i landet stiller sterkt.

PROGRAM torsdag 17. oktober (Bø hotell)
15.00 Opning ved ordførar i Midt-Telemark kommune Siri Blichfeldt Dyrland.
15.15 Telemark og taubaner v/senioringeniør Per Kristoffersen frå Statsforvaltaren i Vestfold og  Telemark   og taubanespesialist Nils Olaf Kyllo.
16.00 Statistikk 2024 for taubanedrift v/rådgiver Elisabeth Hansen i Landbruksdirektoratet.
16.30 Pause.
17.00 Handlingsplan frå tømmerkjøparane v/ leiinga i Allskog, AT Skog, Glommen Mjøsen Skog og Nortømmer.
17.30 Taubanedrift i norsk skogbruk v/ fagdirektør Arne Sandnes i Landbruks- og matdepartementet.
18.00 Årsmøte, ope for alle og røysterett for medlemer.
20.00 Middag.

PROGRAM fredag 18. oktober (Nordagutu)
07.00 Frukost
08.30 Avreise til taubanedrift i Nordagutu (ca. 30 min, skilta frå off.veg).
09.30 Velkomst med orientering om skogbruket i kommunen v/ skogbrukssjef Kristoffer Vatnar.
10.00 Demonstrasjon av taubane ved taubaneentreprenør Gunnar Moe.
11.00 Kaffi, mat og prat.
12.00 Planlegg vi skogsvegen først? v/vegplanleggjar Terje Asdal.
12.30 Ny modell for tilskot til taubanedrift v/ Carl Olav Holen hos Statsforvaltaren Innlandet.
13.00 Kva gjer vi vidare? Innspel frå Norsk Taubanelag v/ Torbjørn Frivik og Johannes Bergum.
14.00 Avslutning og takk for frammøte.

Arrangøren
Norsk Taubanelag er arrangør for denne taubanesamlinga. Dette skjer i nært samarbeid med fylkesskogmeister Per Kristoffersen hos Statsforvalteren i Vestfold og Telemark og skogbrukssjef Kristoffer Vatnar i Nome og Midt-Telemark kommunar.
Vi vil kome tilbake med ein reportasje frå samlinga.  

Ei nyleg taubanedrift på Utne, Ullensvang kommune i Vestland.