125 års jubileum i Skogselskapet

Publisert 07.11.2024

Skogselskapet i Bergen og Hordaland har ei 125 år lang historie der informasjon til barn og ungdom har vore sentralt. Dette biletet er teke ved ein nyleg arrangert skuleskogdag på Søfteland i Bjørnafjorden kommune like utanfor Bergen.
Foto: Atle Toft Almeland.
Skogselskapet i Bergen og Hordaland har ei 125 år lang historie der informasjon til barn og ungdom har vore sentralt. Dette biletet er teke ved ein nyleg arrangert skuleskogdag på Søfteland i Bjørnafjorden kommune like utanfor Bergen. Foto: Atle Toft Almeland.

Skogselskapet i Bergen og Hordaland vart stifta som Bergens Skogselskab den 3. januar 1899. Den 21. november 2024 skal 125 årsjubileet markerast. Alle er velkomne, sjå info om påmelding under.
Tekst: Helge Kårstad

Atle Toft Almeland, leiar i Bergen og Hordaland Skogselskap fortel at det heile startar kl. 11.00 på Løvstien under Løvstakken, eit av dei 7 fjell i Bergen. Her blir det program for skuleklassar og folk flest i Bergen.
Prgrammet inne startar i Krohnen kl. 15.30, det mest miljøvenlege kontorbygg (bygd av massivtre) i byen.
Sjå også denne reportasjen om nettopp dette bygget frå 5. mai 2023 : https://kystskogbruket.no/2023/05/eit-klimanoytralt-naeringsbygg/

Almeland fortel at det fleire foredrag der hovudtemaet er verdiskaping basert på trevirke frå skogen som råstoff. Det heile blir avslutta med jubileumsmiddag på Krohnen.
Alle er Velkomne!

Påmelding innan 8. november til tlf 908 90 325 eller ata@skogselskapet.no
Programmet  Skogselskapet i Bergen 125 år – skogselskapet