Vil satse på skogbruket

Publisert 17.11.2024

Sylvi Litshaug (FrP) har ved flerie høve den siste tida framsnakka skogbruket, og ikkje minst ein betre infrastruktur. Det gjorde ho også i Bergen i dag. Dette vart godt motteke av Ove Frotvedt i FanAgro og nestleiar i Midthordland Skogeigarlag Gustav Bahus.
Sylvi Litshaug (FrP) har ved flerie høve den siste tida framsnakka skogbruket, og ikkje minst ein betre infrastruktur. Det gjorde ho også i Bergen i dag. Dette vart godt motteke av Ove Frotvedt i FanAgro og nestleiar i Midthordland Skogeigarlag Gustav Bahus.

Under eit møte i Bergen i dag sa partileiar Sylvi Listhaug at FrP vil satse sterkt på betre og næringsretta rammevilkår. Under ein pause bekrefta ho til underteikna at partiet fortsatt ville satse på skogbruket, og spesielt medverke til betre rammevilkår for ein manglande infrastruktur.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Som alle veit var det under førre regjering og under Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug og seinare Jon Georg Dale at dei statelege løyvingane til skogbruket og særleg infrastruktur vart minst dobla.
Den nye regjeringa med Sp i ministerstolen har i realiteten redusert satsinga på tiltaka i det aktive skogbruket. Dette har vore både overraskande og skuffande.

Det starta i 2013
Det vart som kjent regjeringsskifte i 2013. Inntil då hadde løyvinga til skogsvegar og innafor jordbruksavtalen lege konstant kring 60 millionar kroner i landet. Under Sylvi Listhaug kom dei første ekstra kronene til betre infrastruktur over ordinært statsbudsjett. Denne nye tiltakspotten (både innafor og utanfor jordbruksavtalen) vart kraftig auka til årleg inntil 140 millionar kroner under Jon Georg Dale.
Under desse to ministrane og under førre regjering kunne mange oppleve ei stor forståing for skogbruket. Det vart også sagt at skognæringa var ei næring som mest klarar seg sjølv utan statleg støtte. Men dei ville gjerne medverke til å spleise ein betre infrastruktur i mange deler av landet, og ikkje minst langs kysten.

Senterpartiet har skuffa
Dei siste åra har Totale midlar til skogbruk i Norge lege noko i overkant av 300 millionar kroner. Samtidig er det i 2024 løyvd 1000 millionar kroner (1milliard) til skogvern. Det betyr at midlane til skogtiltak ikkje har auka etter at FrP gjekk ut av regjering og samtidig er midlar til skogvern minst dobla. Midlar til skogvern er viktige, men det viser kor usseleg lite offentlege midlar dagens regjeringa set inn i ordinære tiltak i skogbruket.
Mange hadde venta at Sp ville levere til sårt trengande investeringstiltak i skogbruket. Det manglar ikkje på gode ord. Men det har diverre også vore det heile.

Forventningar til FrP
Difor er det med glede vi opplever at FrP framleis har slike positive haldningar til å betre rammevilkåra for det utøvande skogbruket. Det er ikkje minst viktig i kystskogfylka der så vel drift- som transportkostnader er høgast i landet, ja mellom dei høgaste i Europa. Samtidig er resultata i form av kubikk og kvalitet av dei skogreiste areala etter krigen imponerande gode, – og veksande for kvar dag.

Dåverande Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug opna Malo tømmerkai i Molde, Møre og Romsdal 1. september 2015. Dette var ein av dei første tømmerkaiane som vart bygd etter at den forrige regjeringa meir enn dobla dei årlege midlane til ein betre infrastruktur i skogbuket.