Høyvika tømmerkai i Hardanger ferdigstilt

Publisert 24.11.2024

Tømmersjåfør Przemyslaw Szymala bur på Utne i Ullensvang og driv som tømmerbilsjåfør for Hardanger Skog. No går lossinga både sikrare og raskare her i Høyvika fortel Szymala.
Tømmersjåfør Przemyslaw Szymala bur på Utne i Ullensvang og driv som tømmerbilsjåfør for Hardanger Skog. No går lossinga både sikrare og raskare her i Høyvika fortel Szymala.

Høyvika tømmerkai på Utne, Ullensvang kommune i Vestland er ein av dei eldste tømmerkaiane i landet. Nyleg er kai og bakareal utbetra og asfaltert, og brukarane jublar.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Ein av dei første
Første byggjesteg ved Høyvika tømmerkai på Utne i Ullensvang vart føreteke kring 1980. Dette er såleis ein av dei første tømmerkaiane som er bygd i landet. Årleg går det i dag kring 25 000 kubikkmeter tømmer over kaia. Den dekkjer skogområde i Ullensvang kommune, på vestsida av Sørfjorden og bygdene langs Hardangerfjorden i retning Jondal. Det er Indre Hardanger Skogeigarlag som eig denne kaien.

Tinglyste bruksrettar til skogeigarane
Mykje av skurtømmeret frå denne kaien og denne delen av Ullensvang kommune, går nokre kilometer med båt innover fjorden til Moelven Granvin Bruk.  
Ved hjelp av noko statstilskot er kaidekke og heile bakarelet nyleg utbetra og asfaltert. Tinglyste bruksrettar sikrar skogeigarane tilgang til tømmerkaien uavhengig av kva virkeskjøpar som omset tømmeret.

Slutten på eit gjørmehol
Hardanger Skog AS driv m.a. med tømmertransport i området. Dagleg leiar Erik Nesheim seier at det var fantastisk å få utbetra tilhøve ved tømmerkaien i Høyvika. I åravis har det vore eit gjørmehol og ein har kvia seg for å bruke kaien i periodar med mykje nedbør. Hardanger Skog har total 4 tømmerbilar som køyrer for NORTØMMER, og er å sjå både i Hordaland og Rogaland. Selskapet har også eit hogstlag i  sving.

Høyvika tømmerkai er skild ut frå eigedomen til Sjur Ove Svartveit (bilete) og Inger Marie Himle og ein annan gard på Utne. Sjur Ove er idag leiar i Indre Hardanger Skogeigarlag. Biletet viser starten på vegen ned til tømmerkaien.
Biletet viser litt av bakarealet som no er utbetra ved Høyvika tømmerkai som nærmar seg 50 år. Venteleg vil den vere like aktuell dei neste 50 år.
Transport med tømmerbil til saga i Granvin vil alternativt måtte gå via Odda og avstanden vil då vere inntil er ca. 15 mil i dekningsområdet, – på delvis trange og rasutsette vegar langs Sørfjorden. Denne tømmerkaien er heilt avgjerande for å kunne drive eit rasjonelt skogbruk i området.