Gode resultat av skogreisinga

Publisert 04.12.2024

Knut Kilen og Kristin Henanger er grunneigarane i Kilen som i hovudsak står bak denne store skogsatsinga. Dei skal kvar hogge kring 3500 m3 gran, i tillegg skal det hoggast kring 2500 m3 hos ein nabo.  
Kristin fortel at ho allereie har bestilt planter, -  for ny skog skal opp igjen!
Knut Kilen og Kristin Henanger er grunneigarane i Kilen som i hovudsak står bak denne store skogsatsinga. Dei skal kvar hogge kring 3500 m3 gran, i tillegg skal det hoggast kring 2500 m3 hos ein nabo. Kristin fortel at ho allereie har bestilt planter, - for ny skog skal opp igjen!

Det vart sagt mykje godt om både den nye skogsbilvegen, om granskogen og forfedrane som planta skogen då Midthordland Skogeigarlag hadde invitert til skogdag på Kilen i Bjørnafjorden kommune i Vestland.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Er vi der snart?
Vi blir stadig minna om den store auken i hogsten av grana langs kysten. Etter mange tiår med mykje negativ omtale av både grana og økonomien i skogen, har mykje endra seg dei siste åra.
Det er godt oppmøte på mange skogdagar, interessa er stor, deltakarane er i alle aldra, jenter og gutar. Skogeigaren sjølv snakkar om bra utbyte, og at det skal plantast etter hogst.
I det heile er desse skogdagane “medisin” for alle oss som jobbar i denne langsiktige næringa. Ja også lokalaviser syner interesse og skriv gode reportasjar. Avisa Os og Fusaposten stilte opp heile denne laurdagen i Kilen, og la ut ein grundig og god reportasje allereie søndagen etter. Imponerande!
Er vi snart der at folk flest har fått auga opp for denne fornybare og grønaste næringa på jord?
Underteikna frå Skognæringa Kyst var også invitert. Som vanleg fekk vi fortelje litt om kva vi driv med. Tusen takk for ein svært gjevande skogdag!

Nedanfor er ein bilete reportasje, med litt tekst til kvart bilete.

Arrangøren av skogdagen hadde gjort ein god jobb. F.v. skogbruksleiar i AT Skog Sigve Hopland og leiar i Midthordland Skogeigarlag Jørgen Frønsdal som leia skogdagen. Begge oppmoda om å tilretteleggje med gode skogsvegar før hogst, og deretter plante og drive nødvendig ungskogpleie.
Det er entreprenørselskapet Håland Skog som står for hogsten i Kilen. Frå venstre Magnus Aadland, Stig Håland og Sveinung Håland. Dei har 2 lag i sving og starta hogsten i september. No er dei stort sett ferdige hoe Kristin og har passert 3500 m3 tømmer. Det står igjen å hogge omlag same kvantum hos Knut Kilen og tilslutt kring 2000 kubikkmeter hos ein nabo.
Ove Frotvedt i firma FanAgro AS arbeider mykje med å få planlagt og prosjektert skogsvegar på Vestlandet. Han orienterte dei frammøtte om prosessen som hadde ført fram i dette tilfelle. Han kunne fortelje at heile prosessen berre hadde teke 10 månader og skrytte over alle involverte i saka.
Arrangøren Midthordland Skogegiarlag serverte rykande fersk skogskaffi. Det varma godt denne tidlege vinterdagen på Vestlandet.
Journalist Steinar Lyssand frå avisa Os og Fusaposten lage ein svært god og fyldig reportasje frå skogdagen. Imponerande å stille opp på ein lørdag og legge ut nyheita på søndagen 🙂
Den nye skogsbilvegen imponerte. Vegen er 1850 meter lang og hadde ein kvalitet og standard som overgår dei fleste kommunevegar i Vestland.
Siste reis for tømmeret frå Samnøy tømmerkai, ca. 25 kilmeter frå Kilen, på veg til norsk og utanlandsk skogsindustri.