Planta eiketre til skipsbygging

Publisert 19.12.2024

Hogst og framdrift av gammal eik med lastebilmontert taubane (Valentini, V600) i Billeme, ca 20 mil vest for Paris. Dette tømmeret er levert til stavmakaren Canadell (sjå nederst) for seinare produksjon av vintønner som på bildet.
Foto: Didier Pischedda
Hogst og framdrift av gammal eik med lastebilmontert taubane (Valentini, V600) i Billeme, ca 20 mil vest for Paris. Dette tømmeret er levert til stavmakaren Canadell (sjå nederst) for seinare produksjon av vintønner som på bildet. Foto: Didier Pischedda

Ludvig den 14. var konge i Frankrike frå 1643 til 1715. I 1669 etablerte han den første skogadministrasjon i landet under leiing av finansminister Jean-Baptiste Colbert.
Ei storstila planting vart sett i gang. I dag blir noko av dette hogge, og drive fram ved hjelp av taubaner. Bruken av trevirket er i dag noko heilt anna.
Tekst: Helge Kårstad

Den første skogadministrasjonen
Kystskogbruket har nyleg møtt Didier Pischedda i Office National des Forets (ONF) like utanfor Paris. Didier er utdanna forstkandidat i Norge (NMBU på ÅS). Han har ansvar for utvikling, organisering og etablering av kontraktar for ca. 1500 entreprenør føretak innanfor ONF, av desse også fleire taubane føretak. (sjå eige sak : «Taubana på frammarsj i fransk skogbruk»)

Didier fortel ei skoghistorie frå Frankrike som vi kanskje kjenner litt igjen frå vårt eige land. Men både historia,  tidsrommet og dimensjonen er noko heilt anna, og nesten ikkje til å tru.
Vi veit at franskmennene var gode sjømenn og tileigna seg mange koloniar på kloden. Den gongen vart dei store skipa laga av tre, hovudsakleg av eik. Og skipsbygginga berre auka på slutten av 1600-talet. Det var såleis ikkje rart at det oppstod ein trelastmangel i Frankrike. Dette måtte det gjerast noko med.
Ludvig den14. etablerte difor den første statlege skogadministrasjonen i Frankrike under leiing av finansminister Jean-Baptiste Colbert i 1669. Ei storstila planting av eik vart deretter sett i gang. Colbert vart ein viktig mann for Frankrike på mange områder. Det er sagt at då han døydde i 1683 hadde han skapt Frankrike sin første moderne krigsflåte med over 200 krigsskip. Samtidig hadde han sett i gang ei storstila skogreising av eik.

Sekretæren i Norsk Taubanelag (t.v) møtte Didier Pischedda i eit unikt kontorbygg hos ONF på 7000 m2 og med ca. 300 kontorplassar. Didier fortel at det er brukt gran, douglasgran, furu, eik, bøk og litt ask i konstruksjon og innreiing. Spesielt må det nemnast at det er brukt barkbille angrepe tømmer for å bevise at det er muleg å nytte det som konstruksjonsvirke.
Foto: ONF

Frå skipsbygging til vintønner
Didier fortel at ein god del av desse skogreiste eikeskogane enno er i god drift. Mykje er hogge, men enno fins det eiketre frå tidleg på 1800 talet. Dette fortel mykje om den fornybare, og ikkje minst langsiktige og skognæringa.
Kva blir så desse trea som vart planta med føremål skipsbygging brukt til i dag?
Didier fortel at eiketønner til vinproduksjonen har blitt stadig viktigare. Nokon av trea som vart planta utover 1700 og 1800 talet bli i dag hogge med føremål trevirke til vintønner. Prisen er god, opptil 10 000 kroner pr. kubikkmeter om kvaliteten og dimensjonen er god. Når vi då veit at gamle eiketre kan bli inntil 10 kubikkmeter tilsvarar det ein verdi inntil hundre tusen kroner pr. tre.
Eiketømmer til produksjon av vintønner utgjer i dag ca. 2,4% av det totale tømmervolumet som ONF omset. Men det utgjer ca. 14 % av omsetninga.

Klimaendringar og grovt tømmer krev fleire taubaner
Gammalt eiketømmer er både stort og tungt. Saman med klimaendringane har det ført til at vanlege hogstmaskiner ikkje er eigna til dette arbeidet. Terrenget tåler rett og slett ikkje så pass tunge maskiner. Det er difor bruk av taubaner har fått sin renessanse i det flate terrenget der det veks eik i Frankrike. Han legg til at jordsmonnet i desse områda stort sett består av silt og leire. Les meir om dette i eiga nettsak «Taubana på frammarsj i fransk skogbruk»

Grovt eiketømmer ligg klart ved fabrikken til Canadell som produserer stav, m.a.  til vintønner.
Det er i dag 4. generasjon stavmakare i dette firma som ligg like ved Tarbes heil sør i Frankrike
.
Det er store verdiar i denne type eiketømmer som kan vere 180-220 år gammalt, – inntil 10 000 norske kroner pr kubikkmeter.
Sjå gjerne accueil@canadell.com
Foto: Didier Pischedda
Fyring av tønna er ein prosess som krev kompetanse. Når tønna er fyrt og varm, blir den trekt saman.
Biletet er frå frabrikken AnA Selection som også ligg nær byen Tarbes sør i Frankrike. Sjå gjerne www.anaselection.fr
Foto: Ana Selection
Produksjonslokaler ved Ana Selection. På nettsida kan vi lese at det blir produsert “En klassisk Luna-tønne, tre førsteklasses tønner, Venus, Terra og Sol, og til slutt en eksklusiv tønne kalt Plénitude». AnA Selection sine fat er normalt målrettet designet for Bordeaux, Merlot, Cabernet Franc og Cabernet Sauvignon varianter, men de kan også fungere med andre varianter, spesielt fra Rhône-dalen, Syrah og Grenache”.
Foto: Didier Pischedda