Mindre satsing på skogtiltak i 2025

Publisert 05.02.2025

Dette er noko av framtidsskogen.
Biletet er frå Kvæfjord i Troms og syner imponerande resultat av skogreisinga. Hogsten er nyleg starta og det er stor trong for utbygging av skogsbilvegar, noko vi også kan lese ut av dette biletet.
Dette er noko av framtidsskogen. Biletet er frå Kvæfjord i Troms og syner imponerande resultat av skogreisinga. Hogsten er nyleg starta og det er stor trong for utbygging av skogsbilvegar, noko vi også kan lese ut av dette biletet.

Statlege tilskot til skogtiltak over LMD sitt budsjett er i 2025 totalt 388 millionar kroner eller ein oppgang på 1,9% frå året før. Venta prisstigning i 2025 er 3.3% (SSB). Det tyder på reelt sett mindre satsing frå staten på vanlege skogtiltak i 2025.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Pengar til skogtiltak kjem over jordbruksavtalen (Kap. 1150 i LMD sitt statsbudsjett) og over ordinært statsbudsjett (Kap. 1149 i LMD sitt statsbudsjett).
Over jordbruksavtalen er det sett av 275 millionar kroner, og over ordinært statsbudsjett er det sett av 113 millionar kroner, totalt 388 millionar kroner. Dette er ein auke på 1,9% frå året før, og ligg godt under venta prisstigning ifølgje SSB på 3,3% i 2025. Med andre ord satsar regjeringa mindre på å gjennomføre vanlege skogtiltak i 2025 samanlikna med året før.

Pengar til skogtiltak i jordbruksavtalen (kap. 1150) vart auka med 5 millionar kroner til 275 millionar kroner i 2025 jamført med året før. Til vegbygging og taubane er sett av 120 millionar kroner, ein auke på 2 millionar kroner (1,7%). Til skogkultur og planting er sett av 98 millionar kroner, ein auke på 4 millionar kroner (4,2%). Pengar til skogbruksplanlegging er auka med 1 million til 31 millionar kroner. Kystskogmidlar er som dei 5 siste åra på 6 millionar kroner.

Pengar til skogtiltak utanfor jordbruksavtalen finn vi i kapittel 1149 (post 51,71 og 73).
Post 51 gjeld pengar til Utviklingsfondet der det er sett av ca. 3,6 millionar kroner eller ein auke på 0,1 million kroner frå året før.
Post 71 gjeld pengar til  skogsvegar og tømmerkaiar og her er det sett av 53,6 millionar kroner, eller ein nedgang på ca. 0,6 millionar kroner. Vi kan legge til grunn at minst 50% av desse midlane vil venteleg gå til skogsvegar i 2025.
Pengar til skogsvegar kjem altså både frå jordbruksavtalen og frå ordinært statsbudsjett, utgjer tilsaman ca. 145 millionar kroner og vil i store trekk vere omlag same som i 2024.
Post 73 gjeld pengar til Stiftinga Det norske Skogfrøverk, vidare til gjødsling, tettare planting, foredling av frø- og skogplanter og ungskogpleie. Her er det sett av ca. 55,7 millionar kroner som er om lag det same som i 2024.
Om vi legg til grunn ei venta prisstigning kring 3,3%, fortel det at regjeringa si satsing på tiltaka i skogbruket i 2025 går noko ned.

Spesielt ille for kystskogfylka
Det er ikkje sett av friske pengar til å fjerne prioriterte flakshalsar for tømmertransporten på kommunale vegar. Derimot har regjeringa ved Klima- og miljødepartementet sett av 826,5 millionar kroner til skogvern mot 1 milliard året før. Pengar til skogvern er viktig. Likevel er det eit tankekors at denne «grøne» regjeringa satsar minst dobbel så mykje pengar på skogvern som til vanlege skogtiltak i skogbruket. Spesielt er det uheldig for fleire av kystskogfylka som ligg langt etter resten av landet når det gjeld utbygging av skogsvegar og med flaskehalsar på det kommunale vegnettet som ifølgje veglista er blant dei verste områda i Europa.

Hogsten aukar relativt mest i kystskogfylka i 2024. Det er synd at regjeringa er så passiv når det gjeld å satse på framtidsskogen, på skogsvegar og på å fjerne flaskehalsar på kommunale vegar, og dette spesielt i kystskogfylka.
Biletet er teke i 2020 og viser skogplanter Ricard Vassliås som planter gran etter hogst i Bygstad i Sunnfjord.