Gode resultat på Sunnmøre
Publisert 01.04.2025

Det var store voner til den norskproduserte og forsterka Owren 450 taubanekrana som vart synt fram for første gong under den store taubanedagen i Øyer ved Lillehammer i 2020.
Rørvik Taubaner AS v/ Frank Terje Rørvik fortel at krana har gått jamt på Sunnmøre i ettertid. Resultata er imponerande gode i dei tilfelle der det er godt vaksen skog og god tilrettelegging.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Ei framifrå kran
Rørvik Taubaner AS driv for tida hogst og framdrift av tømmer med taubane i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Det er skogbruksleiar Asbjørn Karbø hos Allskog som står for organisering av skogsdrifta frå stubbe til industri.
Det skal hoggast kring 7000 kubikkmeter i området. Utstyret er Owren 450. Denne forsterka Owrenkrana kom til Sunnmøre for kring 5 år sidan og nærmar seg 100 000 kubikkmeter framdrive tømmer på desse åra. Ei framifrå kran seier eigar og dagleg leiar Frank Terje Rørvik.

Lengst i Norge
Rørvik Taubanedrift er selskapet som har drive lengst med taubane i Norge. Det var Vidar Rørvik frå Sandnes i Rogaland som starta med taubane for kring 45 år sidan, den gongen som testkøyrar for Igland fabrikker. I åra som følgde vart det taubanedrifter både på Austlandet, Sørlandet og Vestlandet, ja nokre år også i Tyskland, Sveits og Frankrike. Det var også Rørvik Taubanedrift som vinsja ut verdas mest kjente hogstflate kalla Fakkelmannen til OL på Lillehammer i 1994.
Son til Vidar heiter Frank Terje og driv i dag firmaet saman med mor si Grethe. Han fortel at det har vore ein tøff periode å overta og drifte selskapet etter at Vidar gjekk bort i 2022. Sjølv om utfordringane har vore mange, har vi prøvd løyse dei etter kvart seier Frank Terje.
Store forventningar til den nye Owrenkrana
Det vart også Frank Terje som skulle overta den nye Owrenkrana som Vidar saman med Johs Owren på Vingrom hadde utvikla over mange år, og som dei begge hadde store forventningar til. Diverre gjekk begge bort før krana hadde fått vist kva den var god for. Men dei opplevde eit par testar, den siste under den store skogdagen i Hafjell, Øyer kommune i august 2020. I eit oppslag på denne nettsida den 4.09.20 kan vi lese at både Vidar og Johs reklamerte om eit forventa «kvantesprang» i høve dei tidlegare taubanemodellane frå bedrifta Owren.

Gode resultat på Sunnmøre
Frank Terje fortel at maskina har synt høge produksjonar på Sunnmøre dei siste tre-fire åra. Den daglege snittproduksjonen ligg mellom 60 og 100 kubikkmeter tømmer. I tilfelle der det er god og passeleg grov skog, har vi vore opp mot 130 m3 framdrege tømmer til bilveg på ein dag. Men tilrettelegginga og skogtilstanden (særleg gjennomsnittleg volum pr. tre) er av og til ikkje god nok. Då taper vi rett og slett pengar understrekar Frank Terje og legg til – «Vi har teke på oss nokre slike oppdrag, det kan vi ikkje gjere meir».
Grunnane til den relativt høge produksjonen er fleire; Tårnet er i høve til dei tidlegare Owrenkraner auka frå 12 til 16, 5 meter, trekkrafta er auka frå gjennomsnittleg ca. 4 tonn til 6 tonn og rekkevidda er inntil 450 meter.
Denne Owrenkrana kan nyttast både som slepebane og som fallbane, då med berekabel. Mange meiner at så lenge tilkomstvegane ligg nederst i liane, er det stor trong for slepebaneteknikken i Norge i mange år framover. Krana er heller ikkje avhengig å stå på bilveg, sidan bana er bygd på eit lassberarchassis.
Frank Terje skryt også den gode spolinga til vinsen og lassberarchassiet har svært god framkomsteven i terrenget – ja den klatra like godt som ein vanleg lassberar med lass.
Frank Terje konkludera slik: – Eg er svært nøgd med krana. Men generell tilrettelegging, vegløysingar og val av hogstfelt må bli betre. Og gløym ikkje å skrive: – Eg har eit svært godt mannskap, ja Justas eller sjefen sjølv har jobba hos oss i 15 år, dugande, flittige, pålitelege folk.


Ein ny generasjon med taubane i blikket
Det er Asbjørn Karbø hos Allskog som står for organisering av skogsdrifta frå stubbe til industri.
Asbjørn er berre 31 år og representera også ein ny generasjon i skogbruket. Han kjem frå eit gardsbruk på Karbø, Hellesylt i Stranda kommune og har jobba ca. 2 år hos Allskog.
Som skogbruksleiar dekkjer han kommunane og bygdene sør for Ørskogfjellet som ligg nord i Ålesund kommune. Det er med andre ord mykje bratt terreng. Asbjørn fortel at i regi av Allskog går det 2 hogstmaskinlag med T-vinsj og i tillegg taubanelaget til Rørvik i hans driftsområde.
Asbjørn får skryt av Frank Terje for hans engasjement for å tilrettelegge best mogleg.
Likevel understrekar Asbjørn at det er store utfordringar med å tilrettelegge for taubanedrift. Det gjeld m.a. avklaringar kring skredutsette område og kven som har ansvar dersom noko uventa skjer. Det gjeld ikkje minst at ei rasjonell vegløysing ofte er manglande. Det er for seint å starte vegplanlegginga etter at skogeigar er i ferd med å skrive kontrakt med ein virkeskjøpar. Då lyt vi ofte gjere det beste utav det, og det økonomiske resultatet vil kanskje ikkje bli så bra for nokon.
Vi heiar på både Asbjørn og Frank Terje som er ein ny generasjon innan taubanesektoren i Norge, den miljøvenlege, den tøffaste men og så den mest krevjande driftsmåten i skogbruket.
Det er også med glede vi registrera at alt arbeidet som Vidar og Johs la ned kring Owren 450 har synt seg å vere svært så vellukka.
Tusen Takk for besøket, det gjev oss andre i skognæringa tru på det vi driv med til dagleg.


