Frå taktekking til taubane
Publisert 03.08.2025
Gudmund Fløysand frå Os utanfor Bergen etablerte taktekkingsfirmaet Fløysand Tak AS i 2008. Firma er i dag landets største uavhengige taktekkarselskap med over 150 tilsette. Nyleg har han i samarbeid med Helland Hogst AS i Eikelandsosen investert i ei flunkande ny taubane.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Den fjerde nye taubana i 2025
Den fjerde nye store taubana dette året er nyleg bestilt hos Konrad Forsttechnik GmbH i Østerrike. Kjøpar er Gudmund Fløysand frå Os, Bjørnafjorden kommune i Vestland.
Gudmund er også mannen bak Fløysand Tak, eit taktekkarfirma i Os med kring 150 tilsette idag. Han fortel entusiastisk om montering av tak over heile landet, ikkje minst tak over regjeringskvartalet i Oslo. Taktekking betyr m.a. arbeid ute i all slags veir, og Gudmund skryt over tilsette som sidan starten i 2008 har gjort ein kjempejobb. Han er slik sett godt kjent med utfordringar når det gjeld arbeidskraft til denne type praktisk arbeid, og meiner at gode vilkår på alle plan for dei tilsette er avgjerande. Han understrekar også at omsynet til sikkerheit for dei tilsette står øvst på denne lista.

Kvifor satse på ei taubane?
Vi møter Gudmund på kontoret til Helland Hogst AS i Eikelandsosen, også i Bjørnafjorden kommune i Vestland. Dagleg leiar i dette hogstfirma heiter Rune Helland, eit firma med 4 tilsette som i mange år m.a. har teke på seg skogsarbeid.
Siste året har Helland Hogst engasjert seg i flismarknaden og nyleg signert fleire kontrakter med kjøparar av flis i regionen inkludert Bergen og omegn. Mykje på grunn av dette har Fløysand og Helland utvikla eit nytt konsept der dei vil kunne nytte både barskog og lauvskog til industrielle føremål. Begge er opptekne av miljøomsyn, og meiner at skognæringa som ein av dei grønaste næringane, blir viktigare og viktigare framover. Dei legg til med ettertrykk: – Men vi må levere på alle plan, også på ein miljømessig berekraftig måte og her blir den nye taubana viktig.
Taubana og taubanedrifta vil bli ein del av selskapet Helland Hogst AS som vart starta opp i 2007.
Kjent utstyr
Taubana som er tilhengarmontert heiter KMS 4000U. Det er den same taubana som T. Frivik Taubanedrift og Holstad Hogst har, sjå tidlegare reportasjar om desse på denne nettstaden. Dette er såleis ein type taubaneutstyr som vore nytta i Norge i mange år, og som har levert gode resultat. Fløysand har bestilt utstyret med dragauge for traktor. Det betyr at tilhengaren med taubana blir trekt av ein traktor. Dragauget kan skiftast ut dersom den blir trekt av lastebil.
Løpekatten er Liftliner 4000 og systemet er som vanleg basert på ein fast berekabel. Vinsjen kan nyttast både som fallbane (vinsje oppover) og nedover til veg/ standplass.
Bana har trommel kapasitet til 800 meter berekabel. Av erfaring veit vi likevel at det er sjeldan lønsamt å vinsje lengre enn 3-400 meter. God planlegging og tilrettelegging med vegar, snuplassar og standplassar er svært viktig. Minst like viktig er gjennomsnittleg tredimensjon, mange små tre er ikkje nokon føremon, sjølv om det står mange kubikk pr. da.

Rune Helland (t.h.) fortel at selskapet allereie har ein del skogsutstyr som vil bli nytta ved taubanedrifta. Det gjeld m.a. denne gravemaskina (Hitachi) der det vil bli montert eit nytt kvisteaggreat.
Flisterminalen
Både Gudmund og Rune er opptekne av å ha ein god dialog med alle i skogbransjen og ikkje minst virkeskjøparane. Dette gjeld både i høve taubana og den nye satsinga på flis.
Her kan vi røpe at dei pr. i dag er i gang med å investere i ein ny flisterminal på industriområdet ved den nye tømmerkaien på Samnøy i Bjørnafjorden. Dette er den første etableringa på dette jomfruelege industriområdet etter at tømmerkaien vart bygd. Anlegget vil vere klart til oppstart i november månad. Den store tørka vil ha ein årleg kapasitet på inntil 100 000 kubikkmeter flis. Ei liknande flistørke fins hos Eidsiva Energi på Hamar. Rune fortel også at Innovasjon Norge har gått inn med eit tilskot kring 3 millionar kroner i denne nye satsinga kring flisterminalen på Samnøy. Vi vil kome tilbake med ein eigen reportasje om den nye flisterminalen til Helland Hogst i Vestland.
Kompetanse og kunnskap blir viktig.
Den nye taubana blir levert tidleg i september, og oppstart vil difor skje i løpet av same månad.
Taubaneentreprenør Torbjørn Frivik vil også i dette tilfelle gjerne stille opp med kunnskapen sin for dei nye etablerarane. Det er allereie planlagt eit samarbeid i så måte.
Det skal i regi av Norsk Taubanelag og SKOGKURS gjennomførast eit kurs for skogbruksleiarar i Fagernes 27. og 28. oktober. På grunn av 5 nye taubaner dette året, har vi utvida invitasjonen til også å gjelde eigarane av desse 5 nye banene.
Frå og med 2 kvartal 2026 vil eit nytt kurs innan bedriftsøkonomi for taubaneentreprenørar bli tilbydd i regi av Skogkurs og Norsk Taubanelag.

Snart skal den store tørka på plass, og dei første leveranseane kan iversetjast før årsskiftet.