Taubanesamling i Gudbrandsdalen

Publisert 26.01.2026

Eldsjelene Alexander Elvheim (t.v) og Jan Olav Johnsgård har satsa friskt ved innkjøp av ei ny taubane sist haust. Her, - i lisida over Tretten og på garden til Jan Olav møtte vi dei sist sommar. Under taubanesamlinga i april vil dei demonstrere bana og fortelje korleis det har gått.
Eldsjelene Alexander Elvheim (t.v) og Jan Olav Johnsgård har satsa friskt ved innkjøp av ei ny taubane sist haust. Her, - i lisida over Tretten og på garden til Jan Olav møtte vi dei sist sommar. Under taubanesamlinga i april vil dei demonstrere bana og fortelje korleis det har gått.

Norsk Taubanelag inviterar til taubanesamling i Øyer i Gudbrandsdalen 9. og 10. april. Utedagen er lagt til den nye taubana til Skog & Bio AS på Tretten. Alle interesserte er velkomne!
Sjå program og info om påmelding under.
Tekst og foto: Helge Kårstad

Eit taubanemiljø i vekst
Taubanemiljøet i Norge har hatt ei sterk og positiv utvikling siste året. Det er investert i 7 nye store taubaner, og fleire mindre eldre baner er pussa opp og teke i bruk. Tal frå NIBIO syner at det står relativt mykje hogstmoden skog i taubaneterreng, både i dei nye og meir tradisjonelle skogområda i landet.
På Tretten i Gudbrandsdalen har Alexander Elvheim og Jan Olav Johnsgård nyleg investert i ei stor taubane. Føretaket deira heiter Skog & Bio AS. Dei har signert avtale med Glommen Mjøsen Skog om å ta ut 12 000 kubbikkmeter i første driftsår (2026).
Under taubanesamlinga i april er andre dagen ein UTEDAG, der deltakarare m.a. vil få sjå denne nye taubana i drift.

Foreløpig program og info om påmelding:   
Tidspunkt:             Torsdag 9. april og fredag 10. april 2026
Stad:                      Scandic Hafjell Hotell, Hundervegen 1. 2636 Øyer.

Program: (detaljert program vil kome seinare)
Torsdag 9. april:
Kl. 15.00.                 Opning m/ diverse program, meir info vil kome seinare.
Kl. 18.00-19.30.       Innlagt Årsmøte 2026 i Norsk Taubanelag. Ope for alle, stemmerett for medlemmer.
Kl. 20.00.                 Middag.
Fredag 10. april:
kl. 10.00 -14.00.      Utedag ved ei taubanedrift til Skog & Bio AS i nærleiken av Øyer. Meir info om program vil kome seinare.

Kostnader:
Må betalast av kvar enkelt til hotellet.
Middag torsdag kveld: kr 645.
Overnatting torsdag til fredag, frukost og baguette (til fredag): kr 1225.

Påmelding:
Til underteikna.
Oppgje om du blir med på middag og om du treng overnatting.
Påmeldingsfrist:
For bindande påmelding er fristen fredag 20. mars.

Mvh
Helge Kårstad
Sekretær Norsk Taubanelag
48020261