Populær skogdag med taubane
Publisert 15.03.2026
I regi av Søre Sunnmøre Skogeigarlag vart det arrangert skogdag med tema taubanedrift i Syvde, Vanylven kommune sist laurdag. Styreleiar Håkon Johan Eliassen var svært nøgd for at det stilte nærare 50 personar på skogdagen.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Imponerande resultat frå skogreisinga
Det vart planta mykje gran i Vanylven kommune i Møre og Romsdal etter krigen. Nokon av dei som var med på plantinga den gongen deltok også på skogdagen. Fleire let seg imponere over den flotte skogen som vart teke fram i dei bratte liene i Nordalen i bygda Syvde. – Rett nok var vi flinke å plante, – men ingen såg vel føre seg desse store mengdene med flott sagtømmer som no blir hogge, vart det sagt av ein godt vaksen skogeigar under skogdagen.
Søre Sunnmøre Skogeigarlag representera skogeigarar i kommunane Vanylven, Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Etter det vi forstod var det møtt opp folk frå dei fleste kommunane.
Mange hundre tusen kubikkmeter på Møre
Forsamlinga var tydeleg imponert over taubana og mannskapet til Frank Terje Rørvik i firma Rørvik Taubanedrift AS. Det er rett nok Grethe Marie Rørvik, mor til Frank Terje, som er eigar av firma og Frank Terje er dagleg leiar. Som vi tidlegare har skrive om på denne nettstaden, er Rørvik Taubanedrift AS det selskapet som har drive fram mest tømmer med taubane her i landet. Frank Terje fortel at det er i Møre og Romsdal at selskapet har drive lengst. – Ja det er nok snakk om ein stad mellom 3 og 400 000 kubikkmeter tømmer som er drive fram med taubane gjennom deira selskap i dette fylket, legg han til.
Frank Terje fortalde m.a. om denne nye Owren krana 450 som Vidar, far til Frank Terje utvikla saman med Johs Owren hos Owren AS på Vingrom for nokre år sidan. Diverre døydde både Vidar og Johs så altfor tidleg.
Frank Terje er idag full av lovord om denne taubana, den er kraftig, rask, driftssikker og den oppnår svært store prestasjonar dersom tilrettelegginga og kubikk pr. tre er optimalt. Drifta på Syvde har vore rimeleg god, og innan nokre veker er det er totalt hogge og drive fram ein stad mellom 6 og 7000 kubikkmeter gran og noko sitkagran.
Taubaneeksperten
Nils Olaf Kyllo vart introdusert av Håkon som den mannen i landet som kan mest om taubanedrift. Til ei lyttande forsamling fekk skogfolket på Sunnmøre høyre om skilnaden på berande og løpande berekabel, om bardunering, om lettare riggemetodar, om spleising av ståltau, om krefter og kubikk.
God utvikling i Norsk Taubanelag
Helge Kårstad (underteikna) er sekretær i Norsk Taubanelag og orienterte om arbeidet i laget dei siste åra. Heile 7 nye taubane entreprenørar siste året fortel m.a. at taubanemiljøet er i siget.
Han fortalde om kvifor taubana enno er viktig i norsk skogbruk, om statlege tilskot, om politikarar som støttar skogtiltak og ikkje minst om kvifor det er så viktig å tilretteleggje med gode bilvegar, standplassar, velteplassar og snuplassar ved ei taubanedrift.
Etter oppmoding frå Håkon måtte det også informerast litt om eit av verdas beste produksjonstreslag som heiter sitkagran. Det såg ut til å felle i god jord.
Vi vil takke Håkon som saman med Terje Kolstad (styremedlem) tilrettela for denne dagen, og som stadig gjer ein strålande jobb for å utvikle ei skognæring på Vestlandet.
Bilete reportasje følgjer:






Legg merke til eit definert kulturlandskap på andre sida av dalen.
