På plass i Valdres
Publisert 29.09.2025
Mykje folk under Hurdagane 2025 synte stor interesse for dei nye taubanene i norsk skogbruk.
Tilstades var m.a. Valdres Skog AS si nye taubane. Mangdagen derpå var bana i full drift i lia ovanfor Bagn i Valdres.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Vi møter Mikal Råheim i firma Valdres Skog gå garden Skar i Bagn. Her skal det hoggast ca. 1300 kubikkmeter me den nye Synckrofalke frå Mayr-Meinhof Forttechnik i Austerrike. Mikal fortel at dette enno er innkøyring der både mannskap og utstyr skal testast. – «Så langt fungerar det svært godt» seier Mikal.
Som tidlegare omtala er Valdres Skog den skogsentreprenøren med lengst erfaring i Valdres. Føretaket har i tillegg til den nye taubana 5 ordinære hogstlag i dagleg drift.



Stor interesse for kurs i Fagernes
Norsk Taubanelag arrangerar i samarbeid med SKOGKURS eit taubanekurs primært for skogbruksleiarar på Fagernes 27. og 28. oktober. Hittil er nærare 40 personar påmelde, også ein del av dei nye taubaneentreprenørane.
Kurset inneheld også eit besøk til den nye taubana til Valdres Skog, venteleg då plassert i Etnedal kommune aust for Fagernes.