Stor interesse for taubanekurs i Valdres
Publisert 16.10.2025
Orførar Marit Hougsrud i Sør-Aurdal kommue vil ynskje velkommen til taubanekurs på Fagernes 27. og 28. oktober. Kring 50 personar frå mest heile landet er påmeld til kurset. Det syner ei stor og veksande interesse for bruk av taubane i norsk skogbruk.
Tekst: Helge Kårstad
Kurset blir arrangert av Norsk Taubanelag og SKOGKURS der sistnemde har ansvaret for det faglege opplegget. Innhaldet i kurset er særleg retta mot skogbruksleiarar.
Nærast alle virkeskjøparane i landet er representerte. Som kjent blir det 5 mye taubaneentreprenørar i Norge dette året, 2 i aust og 3 i vest. Dei fleste av desse vil saman med to etablerte taubaneentreprenørar også delta på kurset.
Kurset går over 2 dagar. Første dag vil føregå på Scandic Valdres hotell på Fagernes. Føredragshaldarar er mellom anna taubaneguroen Nils Olaf Kyllo, Even Hoffart frå Skogkurs, Trond Prestrud frå Glommen Mjøsen Skog og taubaneentreprenør Mikal Råheim. Frå Statsforvaltaren i Innlandet vil Carl Olav Holen orientere om staten si rolle og også om den nye modellen for driftsstøtte. Siste del av dag to vil føregå ved ei pågåande taubanedrift i Etnedal noko aust for Fagernes. Her vil ein kunne sjå den nye taubana til Valdres Skog i drift.
Vi ser fram til 2 spennande dagar i Valdres.

Foto: Helge Kårstad