God som ny

Publisert 17.12.2025

Her står ein 1-tromla Igland vinsj klar til fornying hos mekaniker Terje  Fredriksen ved Igland i Mandal. Vinsjen heiter Igland Primo 1200 og er frå 1978, altså nærare 50 år. 
Ferdig vinsj kan du sjå i biletet nedanfor. Den er god som ny!

Foto Igland.
Her står ein 1-tromla Igland vinsj klar til fornying hos mekaniker Terje Fredriksen ved Igland i Mandal. Vinsjen heiter Igland Primo 1200 og er frå 1978, altså nærare 50 år. Ferdig vinsj kan du sjå i biletet nedanfor. Den er god som ny! Foto Igland.

Dei siste åra har såkalla eigenhogst teke seg litt opp i fleire fylke. Saman med auke i tømmerprisen, har stadig fleire eldre vinsjar og mindre taubaneutstyr blitt rydda fram frå låver og loft. Dette har produsenten Igland i Mandal merka.
Tekst: Helge Kårstad

Ein ny trend
«Full overhaling og service på gamle vinsjar har teke seg veldig opp sidan 2023. Vi får inn 4-5 oppdrag kvar veke, der gamle vinsjar blir som nye. Vi ser også ein stadig større trend i at gamle vinsjar blir oppgraderte med dagens radiostyring» fortel Jan Kristian Benestad hos Igland.
Dei fleste skogbrukarar i landet kjenner godt til Igland (sjå Historien under). Vi vart så oppglødde over denne meldinga frå Benestad hos Igland at vi gjerne vil formidle dette.
På nettsida til Igland IGLAND Serviceverksted | Nosted kan vi lese følgjande:
«I Mandal tar vi imot eldre og godt brukte vinsjer som trenger service eller en reparasjon. Med mange års erfaring og høy produktkunnskap er det lite, nærmest ingenting, som ikke kan fikses på våre vinsjer»

Så har du ein slik vinsj og du driv litt skogen kan du berre ta kontakt via tlf. eller e-post.
Tlf. 37256200 eller e-post service.igland@nosted.com

Her er vinsjen som vist ovanfor fiks ferdig, god som ny. Og vinsjen heiter fortsatt Igland Primo 1200 frå 1978. Det er så flott at ein får lyst å dra til skogs 🙂 Foto: Igland

Historien
IGLAND vart etablert i 1947 og har vore ein del av portefølja til Nøsted & sidan 2001. IGLAND er eit verdskjent varemerke innan utstyr til landbrukstraktoren. Produkta omfattar i dag skogsvinsjar, tømmervogner og vegvedlikehald. Igland sin to-tromla vinsj er den mest selde I Europa gjennom tidene. Bedrifta sin grunnleggjar, Per Igland, vart i 1981 tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull for si utvikling av effektive metodar, maskiner og utstyr for landbruket. IGLAND-produkta har i over 70 år vore leiande innan effektiv driftsteknikk for landbrukstraktoren, og produkta blir eksporterte til store deler av Europa, Afrika, Sør-Amerika, USA og Canada.

Her er ein heilt NY modell frå Igland, Promax 68 med trekkraft på 6,8 tonn.
Foto: Igland