Ein av dei siste på Vestlandet
Publisert 16.12.2025
Ein av dei siste tømmerkaiane på Vestlandet blir ferdigstilt ved årsskiftet. Det gjeld Utbjoa tømmerkai, Vindafjord kommune i Rogaland.
Tekst og foto: Helge Kårstad
Leiar i Vindafjord Skogeigarlag Magnus Frøyland ser fram til at den nye tømmerkaien snart kan takast i bruk. Det har utan tvil vore ein lang veg fram. Men så vel Frøyland sjølv som heile skognæringa i regionen har stått på i åravis for å få dette gjort.
I ei nettsak dagsett 15.09.25 skreiv vi om entreprenør Johs Røgelstad som i tillegg til utbetring av ein tømmerkai i Ullensvang i Hardanger også fekk det utlyste oppdraget ved Utbjoa.
Opning på nyåret
Eksisterande kaifront var berre 25 meter, og er no forlenga med 35 meter. Over denne kaien vil det i framtida årleg gå inntil 50 000 kubikkmeter tømmer. Forlenginga av tømmerkaien vil gjere det mogeleg å auke tømmerkapasiteten på kaifront frå 800 m3 til 2500 m3. Det vil også gje betre stabilitet ved lessing av dagens tømmerbåtar.
Den totale kostnadsramma er ca. 12 millionar kroner. Det er gjeve eit statstilskot inntil 9,4 millionar kroner. Landbruksdirektoratet har sett ein frist til 15.10.26 for bruk av statstilskotet. Røgelstad fortel at arbeidet har gått etter planen, og vil vere ferdig tidleg på nyåret, i god tid innan fristen for bruk av statstilskot.
Vi kan nok glede oss til ei opning av kaien, – ikkje så lenge etterpå.

