Skaff deg kortreiste råvarer og regionale kunder. Lokale verdikjeder av norsk råstoff er bærekraft i praksis!

Føremålet med prosjektet er gjensidig utbytte av større kontakt mellom trebaserte bedrifter. Mange har felles mål om betre utnytting av norsk og vestnorsk råstoff i trebaserte verdikjeder. Dette vil vere ressursøkonomisk, og bra for lokal verdiskaping og for miljøet. I dag er det brot i verdikjeda. Dette gjer at trebaserte verksemder, spesielt dei små og mellomstore, ikkje får tilfredsstillande tilgang på norsk virke. For å få ein sterkare kommunikasjon av behovet for tilgang på kortreist trevirke til produksjonen i små og mellomstore verksemder, må dei samle seg om dette bodskapet. Og dei må gjere verdien av sine produkt meir synleg.

Prosjekteigarar
  • Norske trevarer – Hilde Wibe Widerøe
  • Norsk Bygdesagforening – Inger-Marie Svingeset
I samarbeid med
  • Kystskogbruket – Camilla Aurora Bersvendsen
  • Statsforvaltaren i Vestland – Dirk Kohlmann
  • Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, prosjektleiar – Christina Qvam Heggertveit
  • WCTE 2023 – Knut Werner Alsén

Kursmateriale fra Workshop 29.11.2022 - Kurs i Bruk av Instagram

Seminar: Produktdokumentasjon og sertifisering av skurlast og trevare

Vi arbeider målretta mot å få betre kompetanse på produktdokumentasjon og ulike miljøsertifiseringsordningar i våre
medlemsbedrifter. Både regelverk og marknaden vil stille strengare krav om sertifisering på våre produkt i nær framtid.
Vi vil difor invitere til ein effektiv ettermiddag der du får presentert regelverkets krav til produktdokumentasjon og
marknadens mest aktuelle miljøsertifiseringsordningar. Vi får også høyre om erfaringar frå aktørar både innan Norsk
Bygdesagforening og Norske Trevarer. A

PROGRAM DAG 1

PROGRAM DAG 2