Ambassadørar for tre og trebruk

Publisert 15.09.2010

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 15.09.2010

27 arkitektstudentar frå Bergen Arkitektskule har for 5. år på rad hatt ei vekes praktisk opplæring om tre og trebruk hos TRETEMA i Balestrand.

Entusiastiske studentar og andre treinteresserte  var samla til avsluttande seminar 11. og 12. september der studentane mellom anna presenterte praktiske oppgåver: Kunstverk og installasjonar i terrenget med fokus på materialbruk og tilpassing. Sjølv for trauste skogfolk var dette ei oppleving utanom det vanlege.

Eldsjeler som brenn for  auke trebruk og spesielt lauvtrebruk står bar selskapet TRETEMA som er i ferd med å utvikle seg til eit kurs- og kompetansesenter for trebruk i Sogn og Fjordane. Saman med Balestrand kommune og Bergen Arkitekthøgskule hadde TRETEMA samla fleire av landets fremste ekspertar på området. Studentane var særs nøgde med all den  nye kunnskapen både teoretisk og praktisk, som dei no kan ta med seg vidare i studiar og arbeid. Arrangørane har lukkast i å finne nye målgrupper og nye ambassadørar for tre og trebruk –  nemleg framtidige  arkitektar.

Til Tretemas hjemmesider