Det beste av det beste

Publisert 07.12.2015

For 30 år sidan etablerte framsynte skogbrukarar i samarbeid med Skogfrøverket den første genbanken på Vestlandet, – på Årøy I Sogndal. Denne veka vart det hausta konglar med spiredyktig frø. Om 2 år kan du kjøpe granplanter av dette norske frøet, av lokal avstamming og med garantert høg kvalitet på skogsvirket.

Røynde skogbrukarar sikrar framtidig kvalitetstømmer av gran med frø frå genbanken på Årøy i Sogndal.
F.v. Svein Saure, Dag Heggheim, Olai Tefre og Ingvar Aaberge.
Foto: Helge Kårstad

Suksess eller fiasko
I skogen møter vi dugnadsgjengen, røynde skogbrukarar med lang fartstid og mykje erfaring. Og det er vel nettopp fordi dei for lengst har løyst koden og sett betydninga av planteforedling; rett treslag, rett opphav/ proveniens, plante i rett jord og på rett stad. Eit tema og eit val som 60-70 år etter planting kan skilje mellom suksess eller fiasko i skogen.
Totalt er det siste vekene hausta 52 sekkar konglar på Årøy (33 kilo frø). Kvar sekk inneheld frø til ca. 86 000 nye granplanter. Dette betyr at det totalt er hausta frø for å gi ca. 4,5 millionar nye granplanter.

Dugnadsgjengen
Svein Saure er tidlegare planteskulestyrar ved Brandsøy planteskule i Flora. Planteskulen vart lagt ned for eit par år sidan fordi plantinga av skog i fylket gjekk kraftig nedover. Brandsøy planteskule vart etablert allereie i 1924 og har produsert tilsaman ca. 100 millionar planter, planter som i dag gjerne er hogstmodne og gir stor verdiskaping. – «I dei beste åra på 70 og 80-talet produserte vi årleg kring 1, 5 millionar planter på Brandsøy. Ja det er verkeleg synd at når vi no har det beste frøet som tenkjast kan og samtidig manglar planteskule i fylket» seier Saure, – og legg til at plantene sjølvsagt vil bli produsert ein annan stad.
Dag Hegheim er tidlegare skogmeister i Førde kommune og har kring 35 års erfaring med å tilretteleggje for skogplanting i kommunen. Heggheim starta som skogmeister i 1973. – «Det var ei svært stor interesse blant grunneigarane å plante skog den gongen. Ja på det meste var vi årleg oppe i ca. 400 000 planter eller kring 1500 dekar» sier Heggheim. Det vart planta gran både av norske og tyske (særleg Harz) proveniensar den gongen, den norske grana vart likevel mest brukt i indre strøk.
Olai Tefre er skogeigar i Førde og må vel kallast ei ekte eldsjel for skogen. Olai fortel at han allereie for 10 år sidan fekk kjøpt 1000 granplanter med opphav i genbanken på Årøy i Sogndal. Og det var frø frå den første konglehaustinga på Årøy. – «Desse plantene ser svært fine ut i dag og vitnar om at dette vil gi kvalitetsskog i framtida» seier Tefre. Men utover dette er Olai svært bekymra for framtidsskogen, – « ja interessa for skogkultur er hakkande gale for å seie det mildt»…legg Olai til med ettertrykk.
Ingvar Aaberge er frilans skogbrukar frå Balestrand og har hatt hovudjobben med å samle konglane på Årøy. Sjølv set han stor pris på å arbeide i skogen og har full kontroll over innsamlinga.

Det beste av det beste
– «Endeleg vart det mogleg å hente granfrø frå Vestlandet sin første genbank i Årøya i Sogndal. Det vart riktignok hauste noko konglar allereie i 2005, men det er først i år at vi har fått mengder som monnar. Her vart det for snart 30 år sidan etablert ein genbank med verdifullt granmateriale frå utvalde hogstmodne bestand frå alle vestlandsfylka.» seier fylkesskogmeister Merete Larsmon.
Utvalet av grantre for 30 år sidan var basert på ytre kjenneteikn på kvalitet og vekst, særleg form, densitet, greinvinkler og tennar. Stiklingar frå desse utvalde trea vart deretter poda på grunnstammar på Årøy, og det er altså desse som har gjeve god blomstring i 2014 og vidare god konglesetjing i 2015.
– «Det er registrert ein god del lokkrust på ein del konlgar i feltet og difor er det ein del svinn. Likevel er vi godt nøgde med resultatet og plantane som no vil bli produserte av dette frøet vil garantert bli det beste av det beste» reklamerar Larsmon. Og legg til at det er synd at vi ikkje har meir konglar. Og m.a difor er det i dag planar om ein ny frøavlsplantasje i Granvin i Hordaland.

Norsk kvalitetsgran
Larsmon viser til at det er Skogfrøverket på Hamar som har ansvaret for drift av frøavlsplantasjar i Norge, – så også denne. DNA-analyser har vist at dette materialet inneheld gener frå både norske og tyske proveniensar av gran. Men konglane og frøet er produsert i norsk jord, og difor er dette i dag norsk materiale og følgeleg vil vi få norske granplanter av garantert god kvalitet på tømmeret. 

Dugnadsgjengne i fullt driv, f.v Svein Saure, Olai Tefre og Dag Heggheim.
Eit par vekers arbeid med konglesanking sikrar kring 2 millionar granplanter som gjev garantert høgkvalitets tømmer.

Ingvar Aaberge fyller sekkane med konglar. Skogfrøverket på Hamar har ansvaret for alle frøavlsplantasjar i Norge og tek mot konglane for vidare bearbeiding og kvalitetssikring av frøet.
Alle foto: Helge Kårstad