Tretønner frå Fusa til Lofoten

Publisert 22.12.2015

I Holmefjord i Fusa kommune er det for tida full produksjon av tretønner (heiltønner). I løpet av vinteren går 3000 tretønner av furu til Lofoten. Torskerogna frå Lofotfisket må saltast i tretønner for vidare eksport til Sverige der kaviaren er sluttproduktet.

Jostein Gangstø “set tønna”. I bakkant strykemaskina som formar stavane (“stryk staven” slik at dei passar i tønna.

F.v Ove Frotvedt og Atle Almeland på besøk hos Jostein Gangstø på Tønnegarden. I bakkant noko lageret av heiltønner som går til Lofoten.
Alle foto: Helge Kårstad

Tønnegarden
Vi er på garden Indre Samnøy i Fusa kommune og møter Jostein Gangstø, – fjerde generasjon tønnemakar på garden som også går under namnet «Tønnegarden». Og trudde du at tønneproduksjonen i Norge var avslutta tek du fullstendig feil. I Fusa kommune er det fleire aktive tønneprodusentar og familien Gangstø er ein av desse. Siste åra har Gangstø investert i nytt produksjonslokale med tilhøyrande visnings- og selskapslokale. Her blir det produsert tønner i alle mål (heil,halv, fjerding og åtring), i tillegg stampar og tønnemøblar i ulike fasongar, sjå og www.tretonner.no eller www.tonnegarden.no Utstyret er mykje det same som var nytta utover 1900-talet, men noko er forbetra og effektivisert.

Furua er treslaget
Jostein Gangstø fortel at etterspørselen har auka siste åra og i dag lagar han tønner stort sett på bestilling. For tida er dei saman med nokre andre produsentar i bygda i gang med ei bestilling på 3000 heiltønner som skal til Lofoten. Kvaliteten på staven er svært viktig. Tidlegare nytta dei eiga sag på garden, i dag kjøper dei tønnestaven andre stader i landet. På ein kubikkmeter furutømmer kan ein produsere 10-15 heiltønner. Totalt reknar Gangstø med at forbruket deira utgjer kring 500 kubikkmeter furutømmer i året.

Tretønner av furu set ikkje smak på maten
I Lofoten blir torskerogna frå Lofottorsken lagra og salta før den blir transportert til ei foredlingsbedrift i Sverige som lagar kaviar.
Utover 1970 talet vart silda lagt i plasttønner og produksjonen av tretønner avtok. Likevel blir tretønner stadig brukt til salting av torskerogn som seinare blir foredla til kaviar. Trevirket gir betre saltmodning og totalt sett betre smak på maten.

Romarar og vikingar brukte tønner
I tidlegare tider vart tretønna nytta til så mangt. Den var viktig emballasje som ein måtte ha til alle ting. Både romarne og vikingane brukte tretønner. Grekaren Straton (ca. 24 etter Kr) skriv at også gallarane frakta vin frå Nord-Italia og lagra den i behaldarar som var store som hus. Trestavane var bundne saman av metallband. Slik blir tønnene produserte i Fusa den dag i dag.
Ei tretønne var også mykje brukt som måleeinheit, – ja heilt opp til våre dagar. I 1566 bestod ei heiltønne av 520 silder, seinare vart dette redusert til 486 silder.
I Fusa har det vore laga tønner i lang tid tilbake. Ja halvøya frå Holmefjord til yste neset på Bogøy i Fusa blir rekna som eit hovudområde for tønneproduksjon kring 1900.
Kring århundreskiftet kom maskiner, det reine handverket avtok og produksjonen auka kraftig. Tønnefabrikkane vart bygde i sjøkanten, – både av omsyn til tømmeret som kom sjøvegen og det same gjorde dei ferdige tretønnene. Heilt fram til midten av 1980-talet var årsproduksjonen i denne delen av Fusa kring 100 000 tønner.

Tønneproduksjonen og sildefangsten hand i hand
Mykje av årsaka til at dei mange tønnebuene i Fusa/ på Bogøy overlevde, var nok det store sildeeventyret på 1940- og 1950-talet. Silda var grunnlaget for utviklinga av tønneproduksjonen langs kysten av Norge. Silda betydde pengar og arbeid til havs og på land. Men mengda av fisk kunne variere mykje frå år til år , – like brått som silda gav rikdom tok ho livsgrunnlaget bort for mange. Tønneindustrien blømde med auke i sildefangstane og ein måtte tilpasse seg både oppgangs- og nedgangstider. Tilgangen på sild var avgjerande for arbeidsplassane i bygdene. Langs kysten låg buene på rekke og rad, og det var tønneproduksjon folk flest dreiv med her, i tillegg hadde dei kanskje eit lite småbruk. I dei gode sildeåra var det trong for mykje tønner. For silda skulle saltast i tretønner. Men etter kvart kom plasttønna og tok over marknaden for tretønna til sildesalting. Då var det mange som måtte finna seg anna arbeid.
No er det salting av torskerogn til kaviarproduksjonen som tek den største mengda av tretønnene. Vil nye krav til oppbevaring og lagring av sild føre til at tønneproduksjonen vil auke igjen ? Mykje kan tyde på det.

Pådriving av banda maskinelt

Pussing av tønna
Alle foto: Helge Kårstad