Sitkaski på TV2 lørdag

Publisert 16.03.2016

Produksjonen av verdas første sitkaski blir vist i TV2 “Lørdagsmagasinet” lørdag 19. mars klokka 18.45. Skia er produsert på skifabrikken hos Endre Hals og Elisabeth Flotve på Oppdal i Sør-Trøndelag. Sitka-virket som er skore på Osterøy sag vart planta under Fløyen i Bergen kring 1880.   

Skiprodusent Endre Hals på Oppdal med dei første sitkaski, alpin utgåve. Hals spesialtilpassar skia etter vekta og lengda di og etter om du skal bruke dei i laussnø eller alpinbakke.

Filmprodusent i TV2 Torbjørn Fardal har laga innslaget om sitkaskia, her frå Fløyen i Bergen. I Lørdagsmagasinet 19. mars ca. klokka kl 18.45 får du høyre meir om sitkaskia og skifabrikken på Oppdal.
Alle foto: Helge Kårstad

Sitkagran gir verdas “beste” trevirke
Sitkagran (Picea sitchensis) gir verdas “beste” trevirke dersom ein legg høg styrke kople til låg vekt til grunn. Dette er mykje av årsaka til at det under første og andre verdenskring vart nytta sitkagran i flyproduksjonen. The Wright brothers”  brukte sitkavirke i flykroppen istadenfor aluminium tidleg på 1900 talet. Sitkagran var mykje brukt heilt fram til 2. verdenskrig og mest kjent er kanskje bombeflyet “Havilland Mosquito Fighter”.
I litteraturen kan vi lese at dette flyet var raskare enn det meir kjente “Spitfire” og viste seg å bli eit av dei mest kostnadseffektive fly som nokon gong er bygd. Flyet kunne gå høgare enn noko anna fly. Det kunne bere stor last fordi det hadde liten eigenvekt og vedlikehaldet var også enklare. Alt sitkatømmeret til bruk i desse flykroppane kom frå “sitkazone” som går nordover langs Oregon-kysten og langt inn i Canada.

Sitkagran planta i kyststrok i Europa
Dette var nok hovudgrunnen til at sitkagran vart mykje planta i kystområde i Europa utover 1900-talet. Bergens Skog- og Træplanteselskap etablerte sitkagran kring Fløyen allereie frå 1870-åra. Men det er først etter 1950 at det i hovudsak er planta sitkagran i Norge, – både som leplantingar i kystområder og til skogbruksføremål hovudsakleg i midtre strok. Sitkagrana har også den eigenskapen at den kan bli svært gammal og at dei gode virkeseigenskapane kjem med åra, – helst kring 100 år og oppover. 

Dette programmet må du få med deg.
I programmet på lørdag 19. mars (Lørdagsmagasinet i TV2 ca. klokka 18.45) får du sjå eit eksempel på kva dette glimrande treslaget kan nyttast til. Produksjonen av sitkaskia føregår ved Norges einaste skifabrikk, – hos Endre Hals og Elisabeth Flotve på Oppdal. Og virket er skore hos Pål Solberg ved Osterøy Sag ved Bergen og trea vart altså planta under Fløyen i 1880, – virket er difor 135 år gammalt. Dette innslaget MÅ du få med deg.