Skognæringa Kyst møtte Høgre på Stortinget
Publisert 10.03.2016
Skognæringa Kyst møtte sentrale Høgre representantar på Stortinget denne veka.
Tema var Melding om kystskogbruket, Infrastrukturprogrammet og statsbudsjettet 2017.
Melding om kystskogbruket (2015) peikar på at skog- og trenæringa i kystskogfylka har eit økonomisk omsetningspotensial på 60 milliarder kroner pr. år dersom Skog22 sine føresetnader blir lagt til grunn. Dette er nærmare ei 4-dobling jamført med situasjonen idag.
Auka verdiskaping føreset ekstraordinær satsing på infrastruktur
Ein viktig føresetnad for å oppnå denne potensielle verdiskapinga er ei ekstraordinær satsing på ein betre infrastruktur frå stubbe til skogindustri. Infrastrukturprogrammet (2015) gir svaret på dette. Skognæringa Kyst sa på møtet at dagens regjering så langt har følgd opp signala frå skognæringa og dobla løyvingane til skogsvegar, og samtidig følgd opp med årlege løyvingar til tømmerkaier. Leiar i Skognæringa Kyst Jan Ivar Rødland understreka at denne satsinga må vidareførast og at dette også vil gi raske og positive resultat for auka sysselsetjing. Dagleg leiar ved Moelven van Severen i Namsos Knut Dreier understreka at sagbruks- og treforedlingsindustrien i kystskogfylka for tida gir gode driftsresultat. Han nemde spesielt at utbetring av flaskehalsar for tømmertransporten på det offentlege vegnetter er viktig for denne hjørnesteinsbedrifta i Nord-Trøndelag.
Viktig for verdiskaping og som klimatiltak
Både Ove Trellevik (Høgre Hordaland) og Gunnar S. Gundersen (Høgre Hedmark og næringspolitisk talsmann i Høgre) sa at skognæringa var viktig både som verdiskapar og som klimatiltak og at dette var at bakgrunnen for regjeringa si satsing på ein betre infrastruktur.
Statsbudsjettet 2017
Bruk av utanlandske treslag var også eit tema som vart drøfta på møtet. Til slutt overleverte Skognæringa Kyst sine ynskjer for statsbudsjettet 2017 til stortingspolitikarane frå Høgre.