AP-veteran vil styrke skognæringa

Publisert 14.04.2016

Fokus på lokal verdiskaping og opprusting av skogsbilvegnettet var sentralt då Finnmark Treforum i samarbeid med Fylkesmannen i Finnmark inviterte til skognæringsmøte i Pasvik.

“Vi skal gjennom ein tettare dialog mot forvaltning og skognæring medverke til å styrke denne næringa i fylket” sa AP-veteran og fylkestingsrepresentanten Roger Hansen

Svanhovd Miljøsenter 7. april. F.v. Ole Andre Hestmo fra Finnmarkseiendommen, Jan Olsen fra Skogkurs, skogbruksjef Tor Håvard Sund, leiar i Finnmark Treforum Ola Losvar, fylkesskogmester Helge Molvig, landbruksdirektør Torhild Gjølme og fylkestingsrepresentant (Ap) Roger Hansen.
“Vi må få til meir lokal verdiskaping” seier Hansen til fylkesskogmester Molvig i det fotografen trykkjer av.
Foto: Helge Kårstad

Forrige veke var det Finnmark sin tur å setje fokus på Infrastrukturprogrammet i kystskogbruket. Og møtet var lagt til Svanhovd miljøsenter i Pasvik, – ein stad med lange tradisjonar innafor både skogsdrift og skogindustri.
Landbruksdirektør Torhild Gjølme la heller ikkje skjul på at ho hadde store forventningar til skogbruket i fylket då ho opna møtet som vart arrangert av Finnmark Treforum i samarbeid med Fylkesmannen.

Ap-veteranen Roger Hansen
Arbeidarpartiveteranen Roger Hansen frå Mehamn fekk deretter ordet og sa m.a. at han gjerne ville medverke til å utvikle ein tettare dialog mot fylkesmann og fylkeskommunen og med det styrke skognæringa i fylket. Hansen er ein av norges mest erfarne politikarar, kjent for sine friske og velformulerte innspel og ein ekte føregangsmann for fiskeri og samferdsel i Finnmark. Nyleg er han innvald i styringsgruppa for fylkeskommunenes oppfølging av Kystskogbruket (Fylkeskommunalt oppfølgingsprogram, forkorta FOP).
«Eit mål må vere å medverke til ein større grad av lokal foredling av det flotte furuvirket som m.a. veks i Pasvik» sa Hansen og la også til at fylkesutvalet i Finnmark nyleg hadde slutta seg til den nye kystskogmeldinga frå 2015.

Infrastrukturprogrammet krev lokal verdiskaping i Finnmark
Som ved alle desse fylkesmøte held Jan Olsen frå Skogkurs eit godt førebudd innlegg om Infrastrukturprogrammet og utfordringane i Finnmark. Det er i hovudsak furu og lauvskog i Finnmark. Ein av dei viktige konklusjonane i Infrastrukturprogrammet er at Finnmark på same vis som deler av Nordland og Troms må utvikle ein infrastruktur som i større grad er basert på lokal og regional verdiskaping. Avstanden til den europeiske marknaden som i eks. Tyskland er lang sjølv med båttransport, og dette vil ikkje vere lønsamt for furu- og lauvskogen i Finnmark. Eksport landevegen til Finland er derimot aktuell.

Finnmarkseiendommen tynnar furuskogen i Pasvik
Skogforvaltar Ole Andre Hestmo frå Finnmarkseiendommen (FeFo) orienterte om organisering og oppgåver fro FeFo. I 2005 fekk FeFo overført 95% av arealet i Finnmark fylke frå staten (Statskog), med heimel i Finnmarkslova og leia av eit styre på 6 personar (frå Sametinget og Finnmark fylkesting)
Fefo skal leggje til rette for at grunn og naturressursar i Finnmark fylke blir forvalta på ein balansert og økologisk berekraftig måte til beste for innbyggerne i fylket og særleg som grunnlag for samisk kultur, reindrift, utmarksbruk, næringsutøving og samfunnsliv. FeFo har hovudkontor i Lakselv og avdelingskontor i Alta, Vadsø og Kirkenes.
Hestmo fortalde om pågåande tynning av furuskog i Pasvik. Tynningsvirket blir levert som rundtømmer til terminal ved Kirkenes der den blir flisa og levert flisfyringsanlegget til Garnisonen i Sør-Varanger. Avtalen er svært viktig og sikrar at to tynningsmaskiner for tida opererar i Pasvik.
Vi vil kome tilbake med ein eigen reportasje om tynning og lokal verdiskaping i Finnmark på denne nettsida i nærmaste framtid.

Etter møtet på Svanhovd var det befaring i tynningskogen i Pasvik. Skogsbilvegen som fører hit er ca 2 mil lang og mellom dei lengste i Norge. Omlag heile vegen finn du denne type furuskog.
Foto: Helge Kårstad

Stort behov for opprusting av skogsvegar i Finnmark
Fylkesskogmester i Finnmark Helge Molvig fortalde at kommuane Alta, Karasjok, Porsanger og Sør-Varanger har så godt som alle skogsbilvegene i fylket. Det er fordi den produktive barskogen (furu) er her, totalt ca. 600 000 dekar. Totalt er det 256 km med skogsbilveger i Finnmark som registrert i vegdatabasen og 150 km av desse er i Pasvik. Molvik sa også at det i dag ikkje blir bygd veger i den produktive lauvskogen. Kostnaden sett i høve til verdien på dette virket tilseier utdrift på snøføre og på vinterbilveger framfor nye permanente vegar.
Men det vart bygd ein god del skogsvegar på 50 og 60 talet i furuskogen i Finnmark. I dag er det eit svært stort behov for opprusting av desse vegane og særleg i Pasvik. Molvig vil prøve utarbeide ein tiltaksplan for opprusting av skogsvegar og håpar både kommune og stat vil medverke for å finansiere dette “Selve planen vil vi ikke trenge noe finansiering til. Men det vi trenger er medfinansiering til vegvedlikehold som er vårt hovedfokus nå. Allerede nå har Landbruksdirektoratet og FeFo bidratt til ei ekstraordinær satsing i Pasvik” avsluttar Molvig.

Ein gong rovdrift, om nokre tiår store skogverdiar
Tor Håvard Sund er skogbruksjef for kommunane i Finnmark og Kvænangen i Troms. Sund fotalde oss kvifor det er så mykje ungskog i Finnmark og særleg i Pasvik i dag. Han minna oss om dei grufulle krigsåra då skogen i Finnmark nærmast vart rasert av tyskarane.

Pasvik Timber med trelastlageret kring 1935. Rovhogst under krigen og nedbrenning av Finnmark i 1944/45 førte til enorm etterspørsel etter trelast for å bygge nye hus etter krigen. Det var difor knapt gammal skog igjen i Finnmark i tiåra etter krigen. Foto: Varanger museum.

Ny skog er på veg opp i Pasvik og Kjetil Wikan (til høgre i bildet) satsar på å utvikle ei næring basert på den unike furuskogen som etter kvart veks opp igjen i Pasvik. Meir om dette i eigen reportasje seinare.
F.v Helge Molvig og i midten Tor Håvard Sund.
Foto: Helge Kårstad

Pasvik Timber, eit av Nord Europas største sagbruk i mellomkrigstida vart etablert på Jakobsnes ved utløpet av Pasvikelva i 1922. I 1930 – åra omsette dette sagbruket årleg inntil 130 000 kubikkmeter furutømmer frå skogane i Aust-Finnmark og Finland. Men under eit tysk flyangrep 2. juni 1940 brende heile sagbruket. «I krigsåra dreiv også tyskarane rovdrift på skogane i Finnmark, det var eit stort behov for brensel» seier Sund. Og under tilbaketrekkinga i 1944/45 brende tyskarane alt av hus i heile Finnmark og langt ned i Nord-Troms. Det var såleis eit enormt behov for trelast for å reise nye hus etter krigen. Det som var igjen av gammal skog vart jamt hogge.

Statskog sitt eige sagbruk (tidlegare Elvenes sagbruk) vart også brent i 1944 men bygd opp igjen i Kirkenes i 1951 under namnet Statens trelastbruk, Kirkenes. Dette bruket var i drift heilt fram til 1996. Det som då var igjen av gammal furuskog i Finnmark vart verna. Men Statskog (Direktoratet for Statens skoger, DSS) var flinke til å plante og forynge ny furuskog. Difor er det berre i Pasvik i dag ca. 130 000 dekar tynningsmoden furuskog (hogstklasse 3), – «ja den største flata er på heile 60 000 dekar avsluttar» Sund.
Føresett tynning og god skogskjøtsel vil det om nokre tiår igjen stå store og rike furuskogar i Finnmark og Pasvik, skog av særdeles god kvalitet, mykje kjerneved og godt eigna som spesialvirke, til møblar og til bygningslast.

Føredraga kan du lese her:
Jan Olsen
Helge Molvig
Ole Andre Hestmo
Helge Kårstad