Optimisme i Pasvik
Publisert 20.04.2016
Skogen vart rasert under og etter krigen i Finnmark. Framsynte skogsfolk fekk opp igjen skog etter krigen. I dag kan vi sjå milevis med prima furuskog i Pasvik. Skognæringa i fylket fokuserar sterkt på tynning og lokal verdiskaping av skogsvirket.
Eineståande furuskog i Pasvik
Vi står i tjukkaste furuskogen i Pasvik, berre 6 mil til treriksrøysa, det er vår i lufta, kring null grader, lett snødrev, det luktar kaffi og vi møter skogsarbeidarar i full gang med tynning av furu.
Ein av desse er Erik Malterud, dagleg leiar i Pasvik Biovarme som saman med 3 tilsette driv tynning og vegvedlikehald for Finnmarkseiendommen (FeFo). Akkurat no har dei ei kontrakt på 5000 kubikkmeter tynningsvirke skal leverast innan 1. juli og Malterud har fått ekstra bistand frå entreprenørfirmaet Karaskog frå Karasjok for å få dette gjennomført i. Malterud fortel at dei tek ut ca. 35% av grunnflatesummen der utgangstettleiken er 140-150 tre pr. dekar. Alderen på skogen er ca. 60 år og boniteten er F11. Malterud legg til at skogen i Pasvik utan tvil må tynnast og vindfall har enno ikkje vore noko problem.
Når vi kjenner historien til furuskogen i Pasvik (sjå m.a. oppslag her dagsett 14.04.16) og ser resultata og den pågåande tynninga i dag blir vi imponerte. Her snakkar vi verkeleg om verdiskaping.
Må tynne fram til 2060
Området det i dag blir tynna i furuskogen er ei einsarta flate på heile 70 000 dekar. Malterud har jobba her med eit hogstlag i 4 år og til same skogsveg. Og han har rekna ut at hogstlaget hans har arbeid fram til 2060 for å få gjennomført 1. gangs tynninga i bestandet. Skogforvaltar Ole Andre Hestmo i Finnmarkseiendommen seier det slik: «Rovhogsten og brenninga av Finnmark under krigen har skapt ein spesiell skogtilstand i fylket. Men furuskogen er på full fart tilbake og belønninga av dette viktige tyningsarbeidet vil vi få om ca. 40 år. Men det er heilt avgjerande i dag at vi kan fortsetje å tynne furuskogen i Pasvik»
Sal av tynningsvirket til lokale bedrifter og Norsk Biobrensel
For å kunne tynne må det vere ein marknad for tynningsvirket.
10% av uttaket er så pass grove dimensjonar at det kan leverast til lokale bedrifter. Frå og med i år er det i samarbeid med FeFo utvikla eit ved sortiment som det er venta etterspørsel etter. Dette er virke som eignar seg godt i vedmaskiner o.l.
Men mesteparten av virket blir levert til Norsk Biobrensel sin terminal på Høybuktmoen ved Kirkenes. Dagleg leiar i Norsk Biobrensel Ole Kristian Hodnemyr fortel at dei har etablert terminalen på Høybuktmoen for å satse og bli ein framtidig kjøpar av flis i Kirkenes. Flisa som dei produserar sel dei til selskapet Bioenergy.
Varme av flis er i vekst
Dagleg leiar i Bioenergy Odd Egil Reinås bekrefta dette og presiserar at dei har ein langsiktig avtale (20 år) med Forsvarsbygg om å levere vassbasert oppvarming til Garnisonen i Sør-Varanger. Reinås seier dei har tilsvarande leveransar til andre forsvarsbygg i Troms og Finnmark. Og legg til at denne marknaden er aukande, og at dei i desse dagar har fleire aktuelle kjøparar av vannboren varme basert på flis andre stader i landet, det siste i Flora kommune i Sogn og Fjordane.Varme av flis er med andre ord i vekst sier Reinås.
Vil ha kompensasjon for pristap pga. fritaket for elavgift.
Nord-Troms og Finnmark er friteke for el-avgift og har såleis ein noko lågare straumpris enn resten av landet. Det er mange gode grunnar til dette. Ole Andre Hestmo i FeFo understrekar at det er svært viktig at denne ordninga blir vidareført i Finnmark. Men for flisleveransen til oppvarming av Garnisonen i Sør-Varanger føre dette til ein lågare pris også for FeFo. «Vi ynskjer ikkje å fjerne fritaket for elavgift i fylket, det må vere klart. Men vi ynskjer å få kompensert for dette pristapet for å kunne konkurrere på like vilkår» avsluttar Hestmo.